I dagens situasjon kommer det hele tiden motstridende meldinger fra ledelsen i USA. Dette forteller mer enn noe annet at det er en strid innad i administrasjonen om retningen på politikken og ikke minst midlene for å nå målene.

Men når målene er uklare blir midlene tilsvarende om ikke mer uklare. Og da blir det opp til oraklene i mediene å tolke de ulike signalene som kommer fra Washington. Oraklet i Dephi tror jeg hadde en lettere jobb enn vår tids kommentatorer som må hele tiden skrive om sine vurderinger fordi politikken under Trump skifter verbalt hele tiden.
Og om knapt to år er det valg igjen. Skal han få sin andre periode må det i en viss grad taes hensyn til velgerne som ifølge meningsmålinger i USA blir mer og mer sosialistisk orientert.
Knut Lindtner
I møte med krigslei grasrot skiftar Trump til ei meir diplomatisk tilnærming
Toneskiftet vil bli ein kamp, for haukane i administrasjonen verkar ikkje å spele på lag
29.mai 2019
Trass i at han prøver å vise at han har grenselaus tiltru til utanrikspolitikken sin, verkar det som om president Trump er svært merksam på at mange amerikanarar, inkludert delar av velgarane som utgjer hans eigen politiske base, er tydeleg ukomfortable med den krigshissande tonen dei siste månadane.
Når det gjeld Iran, Nord-Korea og Venezuela har USA sett ut til å vere på randa av storkrig i fleire månadar no. Med meiningsmålingar som har vendt seg imot han, snakkar president Trump no varmt om diplomati og korleis han ikkje ønsker regimeskifte i Iran.
Dette set fart i kritikken frå haukaktige lærde, som likte presidenten sin slik han var: viftande med knyttnevane i raseri og med løfter om store lidingar verda over. Dei skuldar Trump for å vise veikskap og underminere sin tidlegare «maksimalt press»-strategi.

Trump kan få vanskar med å gjennomføre toneskiftet sitt, med toppmedlemmar av kabinettet sitt som tungt svergar til det meir haukaktige språket. Det er vanskeleg å førestille seg til dømes John Bolton på barrikadane for noko som ikkje involverer storkrig.
Ja, John Bolton er faktisk samstundes i Dei sameinte arabiske emiratane og held fram med framsnakkinga si, av trongen for ein «sterk respons» mot Iran, medan han skuldar Iran for gjerningar det ikkje finst prov på at dei har gjort, grunngitt med «kven elles skulle det vere, trur de?» Trump sine forsøk på å bringe ei slags ro i Midt-Austen blir tydeleg og dramatisk underminert av Bolton.
Nokre analytikarar bagatelliserer kløfta mellom Trump og Bolton, sjølv om Trump ope har bede om konsultasjon med Sheldon Adelson for hjelp til å takle mannen. Dei seier skilnadane er med hensikt, meint som ein good cop/bad cop-strategi. I realiteten er dette ein krig som Bolton har ønska i fleire tiår, og han synest ikkje villig til å la fakta eller retningslinjer stå i vegen for promoteringa si.
Omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 153 ganger.
Ingen kommentarer