AFRICOM, Kina og krigar om ressursar
av F. William Engdahl, frå boka Full Spectrum Dominance
Berre veker etter at George W. Bush underteikna ordren om å opprette AFRICOM, den nye militærkommandoen dedikert til Afrika, braut det ut hendingar på det mineral-rike kontinentet som tyda på at ein hovudagenda for den komande Obama-presidentperioden ville bli å fokusere USA sine ressursar, militære og andre, på følgjande områder: Den demokratiske republikken Kongo, den olje-rike Guinea-golfen, den olje-rike Darfur-regionen i sør-Sudan, og i aukande grad den somalske ‘pirat-trusselen’ mot sjøvegar i Raudehavet og Det indiske hav.

AFRICOM. USAs afrikanske kommando
Det afrikanske kontinentet hadde det dei fleste geologar trur er planetens rikaste førekomster på mineralressursar. Mens Kina, Russland, India og andre potensielle ‘rivalar’ om hegemoniet er i ferd med å knyte band til ulike afrikanske nasjonar og deira råstoff, er Washington sin respons klar – militær.
Ikkje før hadde AFRICOM blitt operasjonell den 1. oktober 2008, før ei stor ny krise braut ut i Kivuprovinsen i Den demokratiske republikken Kongo (DRC). Felles for Kivu og Darfur var desse regionane si strategiske viktigheit for Kina sin framtidige flyt av strategiske råvarer. Washington sin politiske strategi var enkel. Dei ville ta ei stilling som i militære krinsar blir kalla ‘strategisk nekt’ (‘strategic denial’), dvs. evnen til å avskjere desse superviktige mineral- og oljestraumane til ein potensiell rival som Kina.

Brukes påstandene om»folkemord» politisk? Antallet drepte i Kongo er skyhøyt over det som ble angitt for Darfur.
Her er det verdt å merke seg at, i motsetnad til i tilfellet Darfur, ropte Washington ikkje opp om folkemord med dei forbløffande tala på dødsfall i DRC, sjølv om tala nemnt for Kongo var større enn det som blir brukt som bevis på folkemord i Darfur. Ifølge International Rescue Committee har fleire enn 5 400 000 sivile kongolesarar døydd på grunn av krig i tiåret etter 1998. Dei fleste dødsfalla skjedde i austre Kongo, der opprørsleiar Laurent Nkunda heldt gåande ein ressurskrig mot ei regjering som var demokratisk valt og internasjonalt anerkjent. Nkunda hevda at han forsvarte den etniske minoritetsgruppa tutsi mot leivningar av den rwandiske hutu-hæren som flykta til DRC etter folkemordet i Rwanda i 1994.
Dei mest intense kampane i austre DRC hadde brote ut seint i august 2008, då tutsi-milits frå Nkunda sitt Congrès National pour la Défense du Peuple (CNDP) tvinga lojale styrkar frå Kongos Forces armées de la République démocratique du Congo (FARDC) til retrett frå stilligane sine nær Lake Kivu, og sende hundretusentals internt fordrivne sivile på flukt, og fekk Frankrikes utanriksminister Bernard Kouchner til å åtvare om den overhengande faren for ‘enorme massakrar’.

Paul Kagame
Nkunda var etnisk tutsi, slik også beskyttaren hans, Rwanda sin Washington-støtta diktator Paul Kagame, var. Folk frå FN sine fredsvernande styrkar rapporterte ikkje om noko overgrep mot tutsi-minoriteten i nordaust, den mineralrike Kivu-regionen. Kongolesiske kjelder rapporterte om at åtak på kongolesarar av alle etniske grupper hende dagleg i regionen. Laurent Nkunda var ansvarleg for dei fleste av desse angrepa, sa dei.
Merkelege resignasjonar
Det politiske kaoset i Kongo vart endå større i september, då den 83 år gamle statsministeren for Den demokrakiske republikken Kongo, Antoine Gizenga, gjekk av. Deretter, i oktober 2008, med mistenkeleg timing, gjekk også sjefen for FN sine fredvernande operasjonar (Mission de l’Organisation des Nations-Unies au Congo, MONUC), den spanske generalløytnanten Vicente Diaz de Villegas, av, etter mindre enn to månadar i stillinga. Som grunn gav han ‘mangel på tillit’ til DRCs president Joseph Kabila sin leiarskap.

Laurent Nkunda
Kabila, Kongos første demokratisk valde president, hadde personleg vore involvert i forhandlingar om ein handelsavtale verdt 9 milliardar dollar mellom DRC og Kina, noko Washington tydeleg ikkje var glade for. I april 2008 hadde Kabila i eit intervju med den belgisk avisa Le Soir erklært at Kina no var Kongo sin viktigaste handels- og utviklingspartnar, og lova at innverknaden deira ville auke vidare, på Europa kostnad. Intervjuet vart gjort etter at ein belgisk regjeringsdelegasjon tok opp bekymringar om menneskerettar og korrupsjon under eit offisielt besøk i Kongo, noko presidenten såg på som arrogant og provoserande. Belgia si koloniale historie med brot på menneskerettar var neppe eksemplarisk [Ironien i at den belgiske regjeringa skulle angripe ei kongolesisk regjering for brot på menneskerettar, var ikkje fjern for Kabila. Belgia si kolonihistorie i Kongo er ei av dei mest brutale blant dei europeiske kolonimaktene i perioden før Andre verdskrig. Belgias kong Leopold dreiv med systematisk tortur av og mord på kongolesarar på gummiplantasjane sine, heilt til han døydde i 1909.].

Joseph Kabila, Kongos første demokratisk valgte president
Kabila vart sitert på at Kongo hadde gjort eit «irreversibelt val» om å velje Kina som partnar i staden for Europa og Belgia, Kongo sin tidlegare koloniherre.
Ikkje lenge etter Le Soir-intervjuet sette Nkunda igang med sin nye offensiv. Nkunda hadde lenge vore tilhengar av Rwandas president, den USA-opplærte Kagame. Alle teikn peika mot ei tung, om enn skjult, US-amerikansk rolle i myrderiene til Nkundas menn i Kongo. Nkunda sjølv var tidlegare offiser i den kongolesiske armeen, lærar og Sjuandedagsadventist-pastor. Men det var drap han verka vere best på.
Mange i dei velutstyrte og relativt disiplinerte styrkane til Nkunda kom frå nabolandet Rwanda, der US-amerikanske militære instruktørar hadde vore aktive. Resten var rekrutterte frå minoritetspopulasjonen av tutsiar i den kongolesiske provinsen nord-Kivu. Forsyningar, finansar og politisk støtte til Nkundas kongolesiske rebell-armé kom frå Rwanda. I vekebladet American Spectator kan ein lese at «President Paul Kagame av Rwanda har lenge vore ein støttespelar av Nkunda, som opprinneleg var etterretningsoffiser under den rwandiske leiaren si styrting av hutuane sitt despotiske styre i landet sitt».
Nyheitsbyrået til Kongo erklærte at det ikkje var for å forsvare sine tutsi-brør at Nkunda kjempa. «hans sanne motiv er å okkupere den mineralrike Nord-Kivu-provinsen, plyndre ressursane der, og han ter seg som ein fullmaktsarmé (proxy army) i austre Kongo for den tutsi-leia rwandiske regjeringa i Kigali. Kagame ønsker seg eit fotfeste i austre Kongo, slik at landet hans kan halde fram med å nyte godt av plyndringa og eksporten av mineralar som columbitt-tantalitt (Coltan). Mange ekspertar på regionen er i dag samde om at ressursane er den verkelege årsaka til at Laurent Nkunda held fram med å skape kaos i regionen, med hjelp av Paul Kagame.»
Omsett av Monica Sortland
Bilder/tekst: Knut Lindtner
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 294 ganger.
Ingen kommentarer