Korta på bordet om Syria: Trump versus generalane
av Patrick J. Buchanan
6. april, 2018
Med IS på flukt i Syria, erklærte president Trump denne veka at han tenker gjere som han lova og trekke troppane heim.
«Eg vil ut. Eg vil bringe troppane våre heim att,» sa presidenten. Vi har fått «ingenting ut av dei 7 billionane dollar [brukt] i Midtausten dei siste 17 åra. … Så, det er på tide.»
Ikkje så raskt, herr president.
For samtidig som Trump tala, vart han motsagt av sin leiar for CentCom, general Joseph Votel. «Mykje godt framsteg har blitt gjort» i Syria, tilstod Votel, «men den vanskelege biten … ligg framfor oss.»
Vidare, la Votel til, når vi har nedkjempa IS, må vi stabilisere Syria og sjå til at landet blir gjenoppbygd.
(Tidlegare) Utanriksminister Rex Tillerson har vore endå meir spesifik:
«Det er heilt nødvendig for vårt nasjonale forsvar å oppretthalde eit militært og diplomatisk nærvære, slik at vi kan hjelpe til med å få ein slutt på den konflikten medan dei planlegg kursen for å oppnå ei ny politisk framtid.»
Men har ikkje Syrias «politiske framtid» allereie blitt planlagt?
Bashar Assad, støtta av Iran og Russland, har vunne sin sju-årige borgarkrig. Han har gjenerobra opprørarfestningen aust-Ghouta nær Damaskus. Han kontrollerer no det meste av det landet som vi og kurdarane ikkje gjer.
Ifølge Washington Post er heller ikkje forsvarsminister James Mattis einig med Trump, og han «har gjentatte gongar uttalt … at US-amerikanske troppar vil bli i Syria i overskodeleg framtid for å garantere stabilitet og ei politisk løysing på borgarkrigen.»

Mohammad bin Salman driv sin eigen krig i Jemen – også her støtta av USA
Saudi-Arabias kronprins Mohammad bin Salman, som fryktar ein «sjiitt-korridor» frå Teheran til Bagdad, Damaskus og Beirut, går også imot Trump. «Dersom du tar dei [US-amerikanske] troppane ut frå aust-Syria,» fortalde prinsen til Time, «vil du miste det kontrollpunktet … Amerikanske troppar bør bli [i Syria] minst på mellomlang sikt, om ikkje langsiktig.»
Bibi Netanyahu vil også bli i Syria.
Onsdag gav Trump generalane sitt samtykke. Han gjekk med på å la troppane bli att i Syria til IS er gjort slutt på. Men medan dei 2000 US-amerikanske troppane der no er opptatt med IS, drar mange av våre kurdiske allierte tilbake til nordområda for å forsvare grensebyar som er trua av Tyrkia, så dette kan ta si tid.
Men korta vil bli lagt på bordet. Og krast slått fast er motsetninga denne:
Trump ser al-Qaida og IS som den verkelege fienden, og han er klar til å trekke tilbake alle US-amerikanske styrkar frå Syria så snart som kalifatet er utrydda. Og dersom Assad sit med makta når det skjer, støtta av Russland og Iran, så får det så vere.
Trump ser ikkje eit Assad-styrt Syria, som har eksistert sidan Nixon-tida, som nokon stor trussel mot USA. Han har uvilje mot å spille meir amerikansk blod for å kollkaste resultatet av ein krig som Syria, Iran og Russland allereie har vunne. Han er heller ikkje førebudd på å dekke kostnadane til ei gjenoppbygging av Syria, eller til ein langsiktig okkupasjon av den kvadranten av Syria som vi og våre allierte no held på.
Så snart IS er nedkjempa, vil Trump ut av krigen og ut av Syria.
Israelarane, saudiarane og størstedelen av vår utanrikspolitiske elite, på den andre sida, er heftig ueinige. Dei vil at USA skal halde fast på dette stykket av Syria aust for Eufrat som vi no okkuperer, og bruke desse troppane våre på syrisk jord som pressmiddel til å få effektuert fjerninga av president Assad og utdrivinga av iranarane.

Nokon av USAs ulovlege troppar i Syria
Krigspartiet kan ikkje innrømme at Syria er tapt. Dei tenker at det verkelege slaget ligg rett rundt hjørnet. Dei er ivrige etter å konfrontere og, om nødvendig, kjempe mot syrarane, iranarane og sjiitt-militsar om desse skulle krysse over til austbanken av Eufrat – slik dei gjorde for nokre veker sidan då US-amerikansk artilleri og flyvåpen slakta dei ned i hundretals, inkludert russarar.
Dersom US-amerikanske troppar blir i Syria er sannsynet høgt for at Trump, som presidentane Bush og Obama før han, vil bli fanga på ubestemt tid i Den evige Midtausten-krigen.
President Erdogan av Tyrkia, som har tatt Afrin frå dei syriske kurdarane, truar med å gå mot Manbij, der kurdiske troppar blir bakka opp av US-amerikanske troppar. Om ikkje Erdogan drar tilbake trusselen sin, kan NATO-allierte kome til å starte med å skyte på kvarandre.
Ettersom dei 2000 US-amerikanske troppane i Syria både er uinviterte og uvelkomne, er det sannsynleg at ein sigrande Assad snart vil kreve at vi fjernar dei frå landet hans.
Vil vi då utfordre president Assad, med sjansen for at US-amerikanske fly og troppar trekk inn syrarar, russarar, iranarar og sjiitt-militsar, i eit land der vi ikkje har nokon rett til å vere?

Her er eit av resultata av USAs ulovlege Midt-Austen krigar siste 17 år.
Trump blir anklaga for å vere ein isolasjonist. Men kva vinst har vi hausta frå 17 år med krigar i Midtausten – frå Afghanistan til Irak, Syria, Libya og Jemen – som kan rettferdiggjere alt blodet som er spilt?
Og korleis har vår store rival Kina lide av å ikkje ha kjempa i nokon av desse krigane?
Omsetting Monica Sortland
https://original.antiwar.com/buchanan/2018/04/05/syrian-showdown-trump-vs-the-generals/
Forsidebilde: Arie Lamdan
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 301 ganger.
Ingen kommentarer