Det kjem for ein dag kor utbreidd det tyrkiske spionnettverket i Europa er.
Voltaire Network | 5. oktober 2020
Den tyrkiske etterretningsoffiseren Feyyaz Ö., som hadde ansvaret for sambandet med eit US-amerikansk byrå, presenterte seg spontant for det austerrikiske politiet den 15. september, 2020. Han avslørte at han hadde mottatt ordrar om å eliminere tre av landets politiske figurar.

Austerrike har informert Tyskland om etterforskinga som er i gang. Det er avdekka at den tyrkiske hemmelege tenesta (Millî İstihbarat Teşkilatı – MIT) har eit gigantisk nettverk i drift i Europa, større enn Russland sitt, ja, til og med større enn USA sitt.
Det finst minst 350 tyrkiske agentar i Austerrike, og 8000 i Tyskland.
Ei gransking skal ha blitt starta også i Frankrike, der talet på tyrkiske moskear – tvert imot kva folk flest trur – overgår det totale talet på nord-afrikanske moskear. Dei er kontrollerte av Diyanet İşleri Başkanlığı (direktoratet for religiøse saker) via ein ekstremhøgre-organisasjon, Millî Görüş (som president Erdoğan tidlegare var leiar for).

Nyhenda kjem medan Tyrkia har tilsyn med angrepet på Artsakh.
Thierry Meyssan har hevda at det var Tyrkias MIT, med støtte frå britiske MI6, som iscenesette angrepa i Paris og Saint-Denis den 13. november 2015, og også dei i Brussel den 22. mars 2016.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Sergiu Nista
https://www.voltairenet.org/article210996.html
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 282 ganger.
1 Kommentar
Når Tyrkia har mist 350 agenter i Østerrike og 8000 i Tyskland har de nok mange i Norge. Mest sannsynlig har Pakistan. Iran og Tyrkia flere agenter og spioner i Norge hver enn Russland. Norge har en mye større fiende i muslimske land enn Russland. Det ser man på hvor ofte islam bruker rasisme beskyldninger som våpen for å få det som de vil.