USA og NATO oppslukte av ‘Svartehavsgalskap’
av Martin Sieff

Den gudane vil øydelegge, heiter det i eit velkjend Friedrich Nietzsche-sitat, gjer dei først gal. Kva ville Nietzsche sagt om USA og NATO sin verkeleg gale trong no til å ruse inn i Svartehavet? Det kan vere nyttig å tenke over.
Svartehavet var langt utanfor NATO sin tradisjonelle kamparena under det meste av alliansen si historie. Men Brussel og Washington har stabla opp med militært utstyr og synlegheit i regionen, som bier rundt ei honningkrukke – eller som ein stormande flokk elefantar som rusar fram mot kanten av eit stup.
Men NATO sitt openlyse nærvære i Svartehavet vernar ingen. Tvert imot set det USA sine allierte i regionen i alvorleg fare, då det eskalerer spenningane og aukar faren for at full krig kan bryte ut, enten ved ein eller fleire arrangerte hendingar (tenk berre på Tonkin-golfen i 1964), eller ved ein tilfeldig feil eller samanstøyt som eskalerer ut av kontroll.
USA/NATO sin offensiv i Svartehavet er strategisk galskap. Og den kopierer parallelle provokative øvingar i falskt maskulin stupiditet mot Beijing i Sørkinahavet: ein region der det kinesiske folket leid under invasjon og samfunnskollaps i folkemordskala etter tapa mot Storbritannia og Frankrike under den første Opiumskrigen (1839-42), og mot det japanske imperiet under den skrekkelege invasjonen sommaren 1937.

Washington verkar vere like innstilt på å opne opp ein tredje front mot Iran, med sin parallelle framfusande politikk i Persiabukta og Indiahavet.
Tre simultane krigar mot tre store nasjonar – to av dei blant dei største og folkerikaste i verda, og med imponerande atomvåpenarsenal? USA sin grandiose strategi – i den grad der finst ein – verkar ha nasjonalt sjølvmord som sitt einaste mål.
Dette er spesielt bisart i Svartehavet: Washington sin sterkaste og viktigaste allierte i regionen, Tyrkia, er no på grensa til å bli kasta ut av NATO på grunn av den tyrkiske regjeringa si avgjerd om å kjøpe Russlands utmerkte luftvernsystem S-400, det beste i verda av sitt slag.

Å kaste ut Ankara er ikkje på nokon måte fornuftig for USA og NATO. Tyrkia har vist seg livsviktige for Washington sin avsindige 21. «strategi» med opphissing til trøbbel over heile regionen, spesielt i Irak og Syria. Dersom Tyrkia blir drivne ut av NATO, vil USA miste det grepet dei har til å hindre Ankara i å slå hardt ned på dei kvasiuavhengige kurdiske enklavane – eit trekk både Iran, Irak og Syria hadde helsa velkome med stor entusiasme.
Og endå verre: dersom USA rusar på og trassar Montreux-konvensjonen av 1939 og fullpakkar Svartehavet med sine krigsskip, kampfly og anna militært utstyr, risikerer dei å bli avskorne viss eit hemngjerrig Tyrkia stenger av Bosporos-sundet etter Istanbul for dei. USA kunne aldri halde sine eigne troppar og andre NATO-troppar meint å «verne» Ukraina og Georgia i Svartehavet dersom Russland ogTyrkia, med støtte frå eit venlegsinna Kina og Iran skulle bestemme seg for å avskjere dei eller gå imot dei.
USA ville då ha to val: å overgi seg – og tape ein katastrofal konvensjonell krig i ein storleiksorden verda aldri før har sett – eller å bruke atomvåpen.
President Donald Trump gjentar stadig sitt ønske om fred, og han verkar vere ærleg på eit medvite nivå. Men likevel har han omgitt seg med, og latt seg omringe av, ville ekstremistar og eventyrarar. Utanriksminister Mike Pompeo, rådgivar for nasjonal sikkerheit John Bolton og øvstkommanderande for NATO sin Europadivisjon (Supreme Allied Commander Europe, SACEUR) general Curtis Scaparotti har alle snakka om å halde oppe og ekspandere USA si militærmakt i Svartehavet.

NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg – ein mann som er så ubrukeleg og uansvarleg at han ikkje ein gong klarte å beskytte tenåringane i sitt eige politiske parti i sitt fødeland Noreg frå å bli massakrerte av ein einsleg, gal av hat, ekstremist – held fram med å ivrig helle bensin på bålet i denne opprørte regionen, drukken i si vrangforestilling om at han er ein modig og kompetent leiar.
Kanskje så mykje som 99 prosent amerikanarane bryr seg mindre om historia og den strategiske viktigheita til Svartehavet enn om baksida av månen. Likevel vil dei, utan tvil, som vanleg la seg bli gjeta av dei sleipe, overflatiske demagogane i massemedia sine til å passivt gå med på den galne og villeiande politikken.

Konklusjonen blir berre altfor tydeleg: USA sitt stadig aukande nærvær i Svartehavet kan ikkje fortsette. USA driv sjølv Tyrkia ut av NATO, noko som vil tvinge Ankara til å samarbeide eller slå seg i hop med Shanghai Cooperation Organization for å verne seg og overleve. Då vil ikkje Washington lenger kunne kome unna med sine brot på Montreux-konvensjonen når dei prøver å overfløyme Svartehavet med krigsskipa sine.
USA vil då stå overfor valet om enten å svelje stoltheita si, erkjenne at bløffane deira har feila og trekke seg ut av regionen, eller å gå ei nesten sikker nasjonal katastrofe i møte..
Det er svært openlyst kva valet vil bli.
Fritt omsett av Monica Sortland
Originalteksten kan du finne på https://www.strategic-culture.org/news/2019/06/15/us-nato-consumed-by-black-sea-madness/
Martin Sieff
Under si 24-årige karriere som senior utanrikskorrespondent for avisa Washington Times og pressebyrået United Press International, har Martin Sieff rapportert frå fleire enn 70 nasjonar og dekka 12 krigar. Han har spesialisert seg på USA og globale økonomiske spørsmål.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 441 ganger.
Ingen kommentarer