Russland tredoblar gull-reservane i førebuing til fullskala økonomisk krig med USA
Sidan Putin kom til makta for 17 år sidan, har Moskva tredobla mengden gull dei sit på
av Jay Syrmopoulos
Russlands sentralbank har meir enn dobla tempoet på gullkjøpa sine, og tredobla gullreservane sine – frå kring 600 tonn til 1800 tonn – og driv dermed dei internasjonale gullreservane sine til det høgaste nivået sidan Putin vart president for 17 år sidan, i følge World Gold Council.

The World Gold Council er en markedsorganisasjon for gullindustrien. De er den globale autoriteten vedrørende gull-markedet.
Drivkrafta for den massive auken til Russlands gullreservar er det sterke ønsket deires om å bryte laus frå overherredømet til den US-amerikanske petrodollaren og dollar-baserte betalingssystem. I dag er over 60 prosent av dei globale reservane i dollar og 80 prosent av globale betalingar blir gjort med dollar, i følge James Richards, forfattar av boka Currency Wars.
I tillegg er USA det einaste landet som har vetorett i Det internasjonale pengefondet (International Monetary Fund, IMF), kjent som den globale långivaren ein vel som siste utveg. Derfor er eit av dei viktigaste våpna til Russland, i krigen for å fri seg frå petrodollaren sitt overherredøme, gull.
Årsaka til at gull er så kritisk viktig, er at det ikkje kan manipulerast i den USA-baserte økonomiske krigføringa, ettersom det ikkje kan frysast ut slik som andre former for digitale og papir-fullmakter kan.
Gull kan ein enkelt og greit laste på pallar og skipe til ein annan stat for å gjere ei betaling, og såleis unngå målretta økonomiske sanksjonar som ofte blir brukte av USA til å tvinge fram geopolitisk samtykke hos Russland og andre land. Den strategiske signifikansen til gull er så stor at sjøl då oljeprisane og russiske finansielle reservar kollapsa i 2015, heldt dei fram med å skaffe gull.

Har du gull har du noke som ikkje kan øydeleggjast.
Faktisk stod Russland for 38 prosent av alt gull kjøpt av sentralbankar i andre kvartal av 2017. Den massive auken i russiske gullreservar har skjedd samtidig med at dei har halde seg borte ifrå kjøp av utlandsk valuta i over to år.
Sjøl då den globale etterspurnaden etter gull fall til det lavaste på to år i andre kvartal, heldt Russland oppe sin sterke posisjon, på grunn av at gull er ei av dei geopolitisk tryggaste investeringane i verda. I ei tid med stadig meir økonomisk krigføring, med petrodollaren brukt som våpen av USA, er gull ein måte å kome utanom US-amerikanske sanksjonar på.
«Gull er ein verdi som ikkje er avhengig av noka regjering, og dermed – med tanke på kva reservane vanlegvis inneheld – heller ikkje av noka vestleg regjering», sa Matthew Turner, metall-analytikar hos Macquarie Group i London. «Dette kan freiste, sidan Russland har støytt på finansielle sanksjonar.»
I tillegg til å vere den største internasjonale kjøparen av gull, er Russland også ein av dei tre største gull-produsentane i verda, ettersom Sentralbanken i Russland kjøper gull frå innanlandske miner ved bruk av kommersielle bankar, og ikkje i den opne marknaden.

Frå Boddington gull-gruve i Australia
Russlands akselererte tempo på gullbarre-kjøp starta i 2007, med eit russisk gullforråd no firedobla til 1556 tonn ved slutten av juni. Når det gjeld totale reservar, ligg no Russland rett bak Kina, og har større gullreservar enn India, Mexico og Tyrkia samanlagt, med ein total på nær $427 milliardar i reservar.
I tillegg syslar Russland samtidig med andre strategiske dollar-alternativ, ved sidan av gull. Russland og Kina har bygd eit dollarfritt betalingssystem for regionale handelspartnarar.
Blant det mest truande av US-amerikanske finansielle middel for påverknad har vore bruken deires av betalingssystemet SWIFT, som fungerer som eit knutepunkt for trafikken av globale transaksjonsmeldingar, ettersom USA truar med å sperre ute andre nasjonar frå systemet dersom dei nektar å underordne seg US-amerikanske hegemoniske diktat.
Russland har ei klar forståing av kor sårbare dei er for US-amerikansk dominans, og har arbeidd flittig for å minske denne sårbarheita. Som følge har Russland laga eit alternativ til SWIFT.

Russland seiar dei no har eit alternativ betalingssystem til SWIFT
«Der låg føre ein trussel om å bli stengt ute frå SWIFT. Vi oppdaterte transaksjonssystemet vårt, og dersom noko skjer vil alle operasjonar på SWIFT-format halde fram med å fungere. Vi skapte eit analogt system», rapporterte Elvira Nabiullina, sjefen for Russlands sentralbank, til Vladimir Putin.
Russland tar også del i ein kinesisk plan om å installere ein ny internasjonal monetær orden som ekskluderer amerikanske dollar. Under den planen vil Kina kunne kjøpe russisk olje med yuan, og Russland vil deretter kunne bytte yuan for gull på Shanghai-børsen.
Kjelde: The free thought project
Omsett av Monica Sortland
Bilde m/tekst: Knut Lindtner
http://russia-insider.com/en/russia-triples-gold-reserves-preparation-full-scale-economic-war-united-states/ri21333
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 391 ganger.
2 Kommentarer
Interessant!!
Teknologiutviklingen gir vel nye monetære muligheter men gull er gull….
«Russland tar også del i en kinesisk plan om å installere en ny internasjonal monetær orden som ekskluderer amerikanske dollar.» Ikke rart det…
Da er min tolking at Putin og Kina har gjort et mye bedre forarbeid nå enn andre aktører som har prøvd å bryte med dagens monetære system. De etablerer en ny monetær struktur og internasjonale nye alternativer til dagens maktstrukturer som Vesten har. De kjøper også gull og bygger opp sin militære styrke forsiktig og det riktig farlige er at de har et mer rettferdig alternativ til det system som Vesten har bygget opp. Utover det så bruker de hersk og splitt strategier og slår sprekker i alliansen land har med USA.
Utover det så har vi en økonomisk krise som kun har startet i alle land hvilket gir store indre problemer i Vesten da vi må senke vår levestandard da det er det enda alternativet for å møte de tider som kommer…
Pessimist eller realist 🙂
«The pessimist complains about the wind; the optimist expects it to change; the realist adjusts the sails.» William Arthur Ward
[…] Denne artikkelen av Jay Syrmopoulos ble først publisert på Free Thought Project. Oversatt av Monica Sortland og publisert på Derimot.no. […]