Den prisbelønte journalisten, Robert Parry antyder i denne artikkelen tanker om at Trump på ingen måte har falt til fote for krigshisserne både i det Demokratiske og Republikanske partiet. Tvert imot ser det ut til at erfaringene hans så langt har ført til en forsiktig omlegging av USAs utenrikspolitiske kurs i retning av mer realisme. La oss håpe at Parry har rett.
Knut Lindtner
Den mulege opplæringa av Donald Trump
Israels statsminister Netanyahu skrur atter opp krigsspenningar i Syria, men president Trump er tydelegvis ikkje glad for truslane, for no har han igjen skifta til motstand mot dei neokonservative, skriv Robert Parry.
Av Robert Parry
Robert Parry (født1949) er en undersøkende journalist fra USA. Han er mest kjent for avsløringen av Iran-Contras saken. Han har fått flere priser for sin journalistikk , bl.a. George Polk utmerkelsen og I.F. Stone-medaljen for uavhengig journalistikk.
Trass i kaoset og styggedommen dei siste sju månadane, har president Trump endeleg byrja å vende USA sin utanrikspolitikk bort ifrå den neokonservative måten med endelaus krig mot ei stadig ekspanderande rekke fiendar.
Denne endringa har hovudsakleg skjedd i kulissene og blitt skjult av Trump sjøl sin krigerske språkbruk, som då han svor på å «vinne» i Afghanistan, og når han innimellom slår seg laus med valdsbruk, som det dødbringande angrepet med Tomahawk-rakettar på ein syrisk flyplass.
Einskilde av rådgjevarane til Trump har også tona ned dette skiftet no, fordi det kan fyre opp under Demokratane sin mani kring Russia-gate som ei høgt ønska orsaking for å stille Trump for riksretten. Kvart trekk i retning fred som Trump gjer, blir kalla ein lekkerbisken til Russland, og blir såleis eit påskott til å gjenta dei tvilsame påstandane om at Russland hjelpte han til makta.
Men trass desse eksterne hindringane og Trumps eiga feilaktige åtferd, har han halde fram med å vere open for ukonvensjonelle alternativ til det som president Obama ein gong kritiserte som Washington si «dreiebok», d.v.s. å favorisere militære løysingar på internasjonale problem.
På denne måten har Trumps overflatiske forståing av verda vore til dels fordelaktig, med det at han ikkje er låst i den vanlege gruppetenkinga til Washington – og at han personleg foraktar dei prominente politikarane og nyheits-sjefane som har prøvd å nøytralisere han heilt sidan valsigeren hans. Men vitløysa hans hindrar han og i å sjå korleis globale kriser ofte interagerer og slik stoppar den han i å utvikle ein samanhengande eller logisk doktrine.
Sjøl om det ikkje har fått mykje merksemd, så var beviseleg den viktigaste utanrikspolitiske avgjerda under Trumps presidentskap avgjerda om å avslutte CIA si hemmelege støtte til syriske rebellar, og hans samarbeid med Russlands president Vladimir Putin om å utvide sonene for delvis våpenstillstand i Syria.

Trumps stans i støtten til såkalte opprørere i Syria er et langt viktigere skritt mot fred i landet enn mange ser ut til å forstå
Ved desse handlingane har Trump bidratt til ein skarp nedgang i dei syriske blodsutgytingane. Det ser no ut til at den relativt sekulære syriske regjeringa til Bashar al-Assad får tilbake kontrollen, og at ein del syriske flyktningar returnerer til heimane sine.
Syria startar den vanskelege jobben med å bygge opp att istykkerslåtte byar som Aleppo.
Men Trump sin motvilje mot nye militære eventyr i Syria blir igjen testa av Israels statsminister Benjamin Netanyahu, som truar med å angripe iranske og Hizbollah-styrkar inne i Syria.
I følge israelske pressemeldingar vidareformidla førre veke ein høggradig delegasjon leidd av Mossad-sjef Yossi Cohen Netanyahu sin trussel til regjeringa i USA. Den israelske leiaren har sikkert tatt opp det same direkte i telefonsamtalar med Trump.
Bibis utmatting
Eg vart fortald at Trump, som verkar stadig meir lei av Netanyahus stadige krav og truslar, blankt sa nei til eit israelsk angrep, og føysa tilsides Israels alarm ved å bemerke at Netanyahus politikk på å støtte rebellane i Syria medverka til den knipa som Israel no var komen i ved å trekke inn Iran og Hizbollah.
Denne veka reiste Netanyahu personleg til Sotsji i Russland, for å konfrontere Putin med same usjenerte åtvaring om at Israel ville angripe mål inne i Syria dersom Iran ikkje fjerna sine styrkar.

Netanyahu og Putin i Sochi
Ei kjelde med godt kjennskap til møtet fortalde meg at Putin svarte med eit sarkastisk «lykke til!», og at russarane syntest den brautande Netanyahu verka vere «av hengslene».
Likevel ville eit stort israelsk angrep på iranske stillingar i Syria ha testa Trumps politiske tøffheit, ettersom han ville kome under eit enormt press frå Kongressen og mainstream-media om å intervenere på Israels vegne. Ja, realistisk sett, så må Netanyahu stole på si evne til å dra Trump inn i konflikten, sidan Israel ikkje aleine kan handskast med eit eventuelt russisk motangrep.
Men Netanyahu kan vere på tynn is, sidan Trump tilsynelatande skuldar på Israels amerikanske topp-støttespelarar, dei neokonservative, for mykje av det politiske trøbbelet han har. Dei gjekk imot han i dei Republikanske førvala, tilta mot Hillary Clinton i hovudvalet, og har pressa fram Russia-gate-affæren for å svekke han.
President Obama møtte liknande politisk press om å rette seg inn etter Israels regionale interesser. Det er grunnen til at Obama gav løyve til det hemmelege CIA-programmet i Syria og anna støtte til rebellane, sjøl om han aldri var nokon entusiastisk støttespelar – og han trøyttna også på Netanyahus endelause truslar.
Obama føya seg etter krava til Official Washington sine neokonservative og haukane i eigen administrasjon – slike som utanriksminister Hillary Clinton, CIA-direktør David Petraeus, hans etterfølgar John Brennan, og FN-ambassadør Samantha Power.
Den syriske konflikten var del av ein breiare strategi, føretrekt av Washingtons neokonservative, om å styrte eller lemleste regime ein såg på som problematiske for Israel. Til å byrje med hadde dei neokonservative sett føre seg å fjerne Assad-dynastiet rett etter invasjonen i Irak i 2003, med også Iran på menyen for «regimeskifte». Men den katastrofale Irak-krigen omkalfatra timeplanen deires.

Som følge av at invasjonen av Irak ikke gikk slik de neokonservative hadde planlagt, måtte planene om regimeskifte i Syria og Iran utsettes – og nå oppgis
Kaoset med «regimeskifte»
Dei liberale intervensjonistane i Det demokratiske partiet, som er nært allierte med dei neokonservative i Det republikanske partiet, slengte også med Libya med styrtinga av og mordet på den libyske leiaren Muammar Gadhafi i 2011. Då vart våpen frå Gadhafis lager skipa av garde til Syria, der dei styrka rebell-krigarane som var allierte med al-Qaida sin Nusra Front og andre islamistiske grupper.
Stilt opp imot desse problematiske realitetane – at dei USA-støtta «moderate rebellane» opererte side om side med al-Qaidas syriske grein og deira allierte – svarte Washington sine neokonservative/liberale haukar med sofistikert propaganda, dei klekka ut smarte talemåtar for å rettferdiggjere det som hadde blitt indirekte assistanse til terroristar.
«Regime-endring»-forkjemparane skildra ein svart-kvit situasjon i Syria, der Assad si side hadde dei svarte hattane og diverse anti-Assad-«aktivistar» hadde dei kvite hattane på (eller bokstaveleg talt Kvite Hjelmar). Utanriksdepartementet, med mainstream media som medskuldige, spreidde skrekkhistorier om Assad, og då dei ikkje lenger kunne skjule realiteten om al-Qaida si rolle, så vart også dette spunne i rebellane sin favør, ved å stemple Assad som «ein magnet for terroristar» (eller seinare i kompaniskap med Den islamske staten). I årevis var slike argument godt likte i det offentlege Washington.
Men dei menneskelege konsekvensane av den syriske konflikten og andre USA-drivne «regimeskifte»-krigar var horrible, med spreiinga av død og destruksjon over den allereie sårbare Midt-Austen og utdrivinga av desperate flyktningar til Europa, der deires nærvær framprovoserte politisk ustabilitet.
Hausten 2015 tvinga rebellane sin framgang i Syria – støtta av forsyningar av kraftige US-amerikanske anti-tank-missilar – Russland til aksjon, og Putin aksepterte Assad sin invitasjon om å sette inn russiske fly til å støtte den syriske hæren og militsar frå Iran og Hizbollah. Snart vende krigen til Assads fordel.

Den russiske flystøtten bidro avgjørende til å vippe krigen i Assads favør
Det er uklart kva Hillary Clinton ville ha gjort om ho hadde vunne Det kvite hus i november 2016. Saman med store delar av det utanrikspolitiske etablissementet i USA, fremja ho gjentatte gonger forslag om å opprette «flyfrie soner» i Syria, for å stoppe operasjonane til det syriske luftvåpenet og Russland, eit trekk som kunne ha eskalert konflikten til Tredje verdskrig.
Men Trump – som manglar det offentlege Washington sin «sofistikasjon» – kunne ikkje skjøne korleis det å eliminere Assad, som leidde kampen mot terroristgruppene, skulle kunne bidra til at desse til sist ville tape. Trump såg også kor feilslått liknande argument i Irak og Libya hadde vore, der «regimeskifte» produserte meir kaos og genererte meir terrorisme.
Koblingar til saudarar/israelittar
Men heilt i starten av sitt presidentskap vingla den usofistikerte Trump frå den eine Midt-Austen-tilnærminga til den andre. Først følgde han svigersonen Jared Kushner sine grandiose tankar om å rekruttere Saudi-Arabia til ein «utanifrå-og-inn»-strategi for å løyse Israel-Palestina-konflikten, d.v.s. å få saudiane til å presse palestinarane til å meir eller mindre la Israel diktere ei løysing.
Kushners «utanifrå-og-inn»-plan vart symbolsk sett i verk då Trump gjorde sitt første oversjøiske besøk i Saudi-Arabia og deretter Israel i mai. Men eg har fått meg fortalt at Trump til sist kjølna overfor Kushners idéar og har kome til å sjå den israelsk-saudiske tandemen som ein del av regionen sine problem, spesielt det han ser på som Saudi-Arabia si langvarige støtte til al-Qaida og andre terror-grupper.
Kanskje viktigast her er at Trump i juli stille gav opp CIAs hemmelege krig i Syria. I USA har einskilde «regimeskifte»-forkjemparar klaga over dette «forræderiet» mot rebell-saka, og nokre Demokratar har prøvd å linke Trumps avgjerd til deires vaklande Russia-gate-«skandale», altså ved å hevde at Trump løna Putin for påstått val-hjelp.
Men faktum er at Trumps politikk har medverka til at færre blir drepne i Syria, og utsiktene til siger for al-Qaida og/eller deires Islamsk Stat-avart svinn hen.
Så Donald Trump har vore igjennom ei gradvis opplæring, tidvis forstyrra av hans livlege temperament og at han bukkar under for politisk press, som då han den 4. april felte ein forhasta dom og anklaga den syriske regjeringa for ein kjemisk episode i den fjerntliggande al-Qaida-kontrollerte landsbyen Khan Sheikhoun.
Trass sterke tvil i det US-amerikanske etterretningsmiljøet med omsyn til Syrias skuld – nokre bevis peika mot atter ei rigga «avskyelegheit» gjort av rebellane og deira tilhengarar – gav Trump den 6. april ordre om å fyre av 59 Tomahawk-rakettar mot ein syrisk flybase, eit angrep som tok livet av mange soldatar og nokre sivile, inkludert fire barn.

Da USA skjøt 59 Tomahawk-raketter mot en syrisk flyplass i april traff bere 23 målet. Et av de store spørsmålene som ikke blir stilt er hva som skjedde med det andre 36 som ikke kom frem – og hvorfor.
Trump skraut av avgjerda si, og stilte den i kontrast til Obama sin påståtte feigheit. Og, naturlegvis, offentlege Washington og US-amerikanske mainstream-media ikkje berre godtok påstanden om at dei syriske styresmaktene var skuldige, men dei hylla også Trump for å ha trekt av. Seinare har Hillary Clinton sagt at om ha hadde vore president, så hadde ho nok gått lenger militært ved å intervenere med sine «flyforbodssoner».
Så omsynslaust og brutalt Trump sitt rakettangrep enn var, så gav det han likevel eislags dekning for møtet hans med Putin den 7. juli på G-20-toppmøtet i Tyskland, der det vart kraftig fokusert på Syria, og også for avgjerda hans om å stoppe CIA sin hemmelege krig der.
Saudi-støtta terror
Eg har fått meg fortalt at Trump også har returnert til den haldninga han hadde før valet når det gjeld Saudi-Arabia som ein leiande støttespelar for terror-grupper og ein hovudprovokatør ved den uordenen som rår i regionen, særleg på grunn av det rival-forholdet dei har til Iran, ein faktor i både Syrias og Jemens krigar.
Sjøl om Trump har gjentatt Washington sitt topartiske (og uopplyste) mantra om at Iran er ein viktig sponsor for terrorisme, så ser han ut til å røre seg i retning eit meir ærleg synspunkt, der han kjenner att falskheita i propagandaen som dei neokonservative driv mot Iran.
Trump si nye kjøligheit mot Saudi-Arabia kan ha bidratt til den nylege oppvarminga av relasjonane mellom sunniane i Saudi-Arabia og shiitane i Iran, ein sekterisk konflikt som daterer seg 1400 år tilbake i tid. I eit overraskande trekk dei har informert om denne veka, så planlegg dei to landa ei utveksling av diplomatiske besøk.

En demping av den politiske spenningen mellom Iran og Saudi-Arabia vil kunne få store konsekvenser for hele Midt-Østen
Sjøl i område der Trump har drive med uvøren språkbruk, slik som «fire and fury»-åtvaringa til Nord-Korea, verkar no politikken hans i kulissane vere meir open for kompromiss og til og med tilpasning. Den siste veka eller så har spenningane med Nord-Korea letta med eit, via bakkanalar, framlegg som kan inkludere forsyning av mat som eit insentiv for Pyong Yang dersom dei staggar rakettutviklinga og opnar politiske samtalar med Sør-Korea, i følge ei kjelde nær desse utviklingane.
Også når det gjeld Afghanistan kan det vere at Trump speler eit dobbeltspel, der han på måndag held ein haukeaktig tale som gir inntrykk av han vil støtte eit engasjement i den nær 16 år gamle konflikten, medan han samtundes i det stille signaliserer ein vilje til å forhandle om eit politisk forlik med Taliban.
Eitt alternativ kunne vere å akseptere ei koalisjonsregjering som involverer Taliban, med ei tilbaketrekking av USA til ein militærbase nær nok til å kunne utløyse anti-terrorangrep dersom al-Qaida eller andre internasjonale terror-grupper igjen tek sete i Afghanistan.

Selv om Steve Bannon har måtte slutte som offisiell rådgiver for Trump betyr ikke det at ikke Trump lenger hører på han
Mange av Trumps seinaste utanrikspolitiske initiativ reflekterer fiendskapen til tidlegare strateg i Det kvite hus, Steve Bannon, mot neokonservativ intervensjonisme.
Utanriksminister Rex Tillerson, den tidlegare Exxon-sjefen, deler også ei meir pragmatisk tilnærming til utanrikssaker enn nokre av hans meir ideologiske forgjengarar.
Om enn framleis på barnestadiet, så representerer desse politiske stega ein ny realisme i USA sin utanrikspolitikk, som på mange måtar liknar det som president Obama føretrakk, men ofte var uvillig eller ute av stand til å gjennomføre på grunn av frykta for Netanyahu og makta til dei neokonservative og deira allierte av liberale haukar.
Likevel følgde nokre av Obamas viktigaste avgjerder – å ikkje utløyse noko stort militært angrep mot Syria i august 2013, og å forhandle fram ein avtale med Iran om å avgrense deires atomprogram i 2013-15 – ein liknande sti bort ifrå krig, og møtte dermed fordømming frå tospannet Israel/Saudi-Arabia og amerikanske neokonservative.
Som ein Republikanar som steig politisk ved å lefle med «basen» til the Grand Old Party og desses hat mot Obama, angreip Trump Obama retorisk både for Syria og Iran, men no kan det vere han nærmar seg liknande standpunkt sjøl. Gradvis har Trump innsett at dei neokonservative og hans andre politiske fiendar prøver å kneble og fornedre han – og til sist få han fjerna frå jobben.
Spørsmålet er om Trumps overlevingsinstinkt til slutt vil leie han til politikk som døyvar strategiane til fiendane hans eller om det vil gjere at han underkastar seg krava deira.
Undersøkande journalist Robert Parry skaffa fram mange av Iran-Contras-reportasjane for pressebyrået Associated Press og avisa Newsweek på 1980-talet. Han har nyleg gitt ut boka ‘America’s Stolen Narrative’.
Omsett av Monica Sortland
Bilder m/tekst: Knut Lindtner
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 385 ganger.
1 Kommentar
Framifrå, og på mål ein kan settja stor pris på ;).