Falske nyhende ein spesialitet for US-amerikanske media
Paul Craig Roberts
Dr. Paul Craig Roberts har tidligere arbeidet i USAs finansdepartement og har vært medredaktør i Wall Street Journal. Hans siste bøker er The Failure of Laissez Faire Capitalism and Economic Dissolution of the West og How America Was Lost.
Amerikanske media spesialiserer seg på falske nyhende – fake news. Ja, sidan Clinton- regimet har amerikanske medier produsert inkje anna enn falske nyhende. Hugsar de den illegale US-amerikanske bombinga og destruksjonen av Jugoslavia? Hugsar de «krigsforbrytaren» Slobodan Milosevic, den serbiske presidenten som fekk merkelappen «slaktaren frå Balkan», som vart samanlikna med Hitler før Hillary gav tittelen vidare til presidenten av Russland? Milosevic – ikkje Bill Clinton – vart arrestert og plassert framfor tribunalet ved Den internasjonale straffedomstolen. Han døydde i fengsel, sume seier han vart myrda, før han vart frikjent frå anklagane av Den internasjonale straffedomstolen.

Slobodan Milosevic
Hugsar de destruksjonen av Irak, rettferdiggjort av den orkestrerte propagandaen, der det kriminelle George W. Bush-regimet visste at det var ei blank løgn, dette med Saddam Husseins «masseøydeleggingsvåpen», våpen som FN sine våpeninstruktørar verifiserte som ikkje-eksisterande? Irak vart øydelagt. Millionar av irakarar vart drepne, foreldrelause, gjort til enker og drivne på flukt. Saddam Hussein vart dregen inn i ei show-rettssak meir transparent enn Stalins rettssak mot Bukharin, og deretter myrda under påskott av rettsleg avretting [‘judicial execution’].
Hugsar de destruksjonen av Libya, basert eine og aleine på Washington sine løgner og den kriminelle misbruken av FN sin resolusjon om flyforbodssone, då dei brukte denne til NATO-bombing av Libyas militære, slik at dei CIA-væpna jihadistane kunne styrte og myrde Muammar Gadhafi? Hugsar de korleis killer-bitch’en Hillary gliste skadefro medan ho erklærte «Vi kom, vi såg, han døydde!»
Hugsar de løgnene som det kriminelle Obama-regimet fortalde om Assad av Syria og den planlagte US-amerikanske invasjonen av Syria, som vart blokkert av det britiske parlamentet og den russiske regjeringa? Hugsar de at Obama og killer-bitch’en sende IS til å gjere jobben som US-amerikanske troppar var forhindra frå å gjere? Hugsar de general Flynn då han avslørte på TV at det var ei «overlagt avgjerd» av det kriminelle Obama-regimet å sende IS til Syria, trass i at han som leiar for militæretterretninga [Director of the Defense Intelligence Agency] hadde tatt til motmæle mot det?

General Flynn. Ble først utnevnt til nasjonal sikkerhetspolitisk rådgiver for Donald Trump, men måtte forlate stillingen etter bare noen uker på grunn av påstander om samrøre med russerne.
Denne biten av fortalt sanning er grunnen til at general Flynn er hata av dei kriminelle i Washington som tvang han bort frå stillinga som Trump sin National Security Adviser.
Hugsar de det US-amerikanske kuppet i Ukraina, mot den demokratisk valde regjeringa, og at denne vart bytta ut med eit nynazistisk regime? Hugsar de at Washington sitt brotsverk mot ukrainsk demokrati raskt vart gøymt bak falske anklagar om «russisk invasjon»?
Kan de kome på ein einaste sannferdig reportasje i amerikanske nyheiter dei siste to tiåra?
Alle løgnene som førte til døden for millionar, fortalt av dei kriminelle Clinton-, George W. Bush- og Obama-regima, var transparente. USA-media kunne lett ha eksponert dei, og redda liva til millionar av menneske, og redda sju land frå heil eller delvis destruksjon. Men dei «presstituerte» (prostituerte pressa oms.) tiljubla den urettmessige og kriminelle øydelegginga av land og folk. Kvar og ein av dei presstituerte er ein krigsforbrytar etter standarden som vart sett av dommar Robert Jackson, frå USAs Høgsterett, i Nürnberg-rettssakene.

Nürnbergprosessen, rettssak ført 1945–46 for en alliert militærdomstol i Nürnberg mot fremtredende politiske og militære ledere i det nazistiske Tyskland. Domstolen var opprettet etter en avtale i London 8. august 1945 mellom USA, Frankrike, Storbritannia og Sovjetunionen for saker mot tyske krigsforbrytere. Under domstolen hørte forbrytelser mot freden, krigsforbrytelser (krenkelse av krigens lover og sedvaner) og forbrytelser mot menneskeheten. Avtalen ble tiltrådt av en rekke land, blant annet Norge. (Store norske)
Vi får ikkje ein gong ein sannferdig arbeidsmarknadsrapport. I går (4. aug) rapporterte byrået for arbeidsstatistikk (Bureau of Labor Statistics (BLS)) om 205 000 nye jobbar i juli, og eit fall i arbeidsløysa til 4,3%. Dette er falske nyhende.
Christopher Rugaber i pressebyrået Associated Press (AP) hyllar dei falske nyhenda, og legg til at mange økonomar trur «robust tilsetting kan halde fram i mange månadar, eller til og med år.» La oss tenke på det litt. Generelt sett reknar økonomar 5% arbeidsløyse som full sysselsetting. Det kan aldri bli ein grad på null prosent arbeidsløyse på grunn av friksjonar i arbeidsmarknaden. Til dømes er det mange mellom jobbar, som har mista eller slutta i ein jobb og ser seg om etter ein ny, og det finst folk som har droppa ut av arbeidsstyrken, kanskje for å bruke meir tid på barna eller ta hand om ein gamal og sjuk forelder, og seinare har kome tilbake til arbeidsstyrken. Økonomar trur også at arbeidsløysa ikkje kan gå for lavt utan å presse opp inflasjonen.
Viss vi antar at økonomar ikkje plutseleg har endra syn på kva for arbeidsløysegrad som skal reknast for full sysselsetting, og viss den noverande arbeidsløysegraden er på 4,3%, så er den allereie under graden for full sysselsetting. Korleis kan graden halde fram med å synke i årevis, når økonomien allereie er ved full sysselsetting? Tydelegvis var ikkje dette eit spørsmål som fall dei inn, AP-reporteren og «mange økonomar».
Sjølvsagt er denne graden på 4,3% arbeidsløyse fake news. Den inkluderer ikkje millionar av motlause arbeidarar. Når desse arbeidarane, som ikkje har sett etter jobb dei siste fire vekene, blir inkluderte, vil arbeidsløysegraden gjere eit hopp til 22-23%.
Sjå så på dei 205 000 nye jobbane i juli. Sannsynlegvis kjem kring halvdelen av desse jobbane frå tillegg etter fødsel/død-modellen [Statistikkane blir justerte på grunnlag av forventa dødsfall og nye fødslar.
Sidan Trump tok over i januar i år har statistikken på sysselsettingsgrad blitt justert opp med over 650 tusen etter BLS sin birth-death model, 158 000 av desse i juli, oms.], og den andre halvdelen frå manipulasjonar med sesongavhengige justeringar.John Williams ved shadowstats.com vil fortelle oss. Men la oss gå utifrå at jobbane faktisk finst. Kor finst desse jobbane, ifølge BLS?

«Stort sprik mellom sanninga og presentasjonen av sanninga om arbeidsløysa i USA. Den nedste grafen (U-3) viser tala frå statistikkbyrået for sysselsetting (BLS) som ein får presentert i media. For å kome med her, må ein ha vore aktivt arbeidssøkande under dei siste fire vekene. Midtgrafen(U-6) er også utarbeidd av BLS. Den viser styresmaktene sitt breiaste mål på arbeidsløysa. Her er det tatt med dei som ikkje har søkt jobb dei siste 4 vekene, men som har søkt i løpet av det siste året. Etter at eit år gått utan aktiv jobbsøking, fell dei ut av dei offisielle statistikkane, dei blir ikkje lenger registrerte som arbeidslause i styresmaktene sine statistikkar (etter ei avgjerd tatt i 1994 under Bill Clintons regjering). U-6 inkluderer i tillegg deltidsarbeidande som ønsker full sysselsetting. Den øvste grafen viser heilt andre tal. Denne er utarbeidd av ShadowStats og gir eit estimat av det reelle talet på arbeidslause til ei kvar tid, inkludert dei som etter eitt år har falle ut av den offisielle statistikken. Desse tala viser ei heilt anna sanning enn det som media/styresmaktene prøver å innbille massane om.»
Åttini prosent av jobbane finst i tenestesektoren, hovudsakleg heimlege tenester som ein ikkje kan drive handel med.
Tenester av typen yrkesfaglege og forretning står for 49 000 av jobbane, og av desse igjen er 30 000 i administrative og boss-tenester (søppelhenting) og 14 700 er i temporære hjelpetenester.
54 000 av jobbane er i utdanning og helsetenester, av desse utgjer ambulanse, heimetenester og sosial assistanse 46 900 av jobbane.
62 000 av jobbane ligg i fritid og gjestfridom, av desse er 53 100 servitørar og bartenderar og 5 900 innan lystparkar, speling og rekreasjon.
Dette bildet av amerikansk sysselsetting har vore gjeldande i ca to tiår. Det er portrettet av ein arbeidsstyrke av den tredje verda. Jobbane ligg ikkje innan eksportindustrien. Jobbane ligg ikkje i høgproduktive, høgverdiskapande yrke som gir noka middelklasse-inntekt. Jobbane finst i lavt betalte, ofte deltids, heimlege tenester.
Jobbane skapar ikkje inntekter som sørgar for diskresjonært forbruk som kan drive forretningsprofitten oppover. Så korfor nådde aksjemarknaden nye høgder? Svaret er at korporasjonssjefane drar fordel av at Sentralbanken [Federal Reserve] opererer med null rente på utlån av pengar som korporasjonane brukar til å kjøpe tilbake aksjane i eigne selskap for å drive opp bonusane sine, hovudkomponenten av det dei får utbetalt.

Kvar er jobbane i høgteknologi-produksjonen? (Foto frå Kina)
Men desse udiskutable fakta om sysselsetting hindra ikkje Christopher Rugaber og dei andre finansielle presstituerte eller avisoverskriftskribentar eller «mange økonomar» i å spørre «Kor mykje betre kan det bli?» (Atlanta Journal-Constitution front page, Aug. 5, 2017).
Det er ikkje berre sju muslimske land Washington og deira presstituerte har øydelagt heilt eller delvis med løgner. Washington sine løgner har i tillegg øydelagt den amerikanske økonomien og den amerkanske arbeidsstyrken.
Omsett av Monica Sortland
Bilder/tekst Monica Sortland/Knut Lindtner
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 208 ganger.
2 Kommentarer
Vel og bra Paul Craig Roberts. Du er skarp og god når du kritiserer, men du er ytterst forsiktig med å kritisere de som virkelig kontrollerer denne organiserte løgnen. De har det bakt inn i sin religion at å lyve er OK og nødvendig.
Nürnberg prosessen – en farse av de større, der de eneste som har brukt atomvåpen mot mennesker sitter og dømmer motparten etter en krig, bør minst av alt brukes som en mal her.
Veldig fin oppsummering.
Er det egentlig noen tvil om hvor det onde imperium befinner seg? Og at MSM er deres lojale tjenere som omskriver virkeligheten slik at den ikke ser så stygg ut. Ansatte i norsk MSM burde tenke seg om det er så lurt å være innblandet i den høyst blodige krigspropagandaen som de serverer.