Dr. Paul Craig Roberts har tidligere arbeidet i USAs finansdepartement og har vært medredaktør i Wall Street Journal. Hans siste bøker er The Failure of Laissez Faire Capitalism and Economic Dissolution of the West og How America Was Lost.

Denne artikkelen av Gilbert Doctorow (https://russia-insider.com/en/putin-soft-he-should-learn-scare-west-khrushchev-did/ri26105) er eit ekko av mine eigne uttrykte oppfatningar når det gjeld Putins heilt uvanlege evne til å legge band på seg, i møte med heilt uvanlege provokasjonar. Eg ser opp til Putin for denne evna som er totalt fråverande blant hans vestlege motpartar. Ikkje desto mindre har eg uttrykt bekymring over om ikkje dette same tilbakehaldet som hindrar krig, kan føre til krig. Mange Andre verdskrig-historikarar har konkludert med at det var britanes statsminister Chamberlain sine gode intensjonar om å roe ned konfliktsituasjonen, i staden for å sette ned ein fast fot, som oppmoda Hitler til å gå for langt.

Doctorow har visseleg rett i at ingen vestleg politikar ville ha snakka til eller om nokon Sovjet-leiar på same måten som dei gjer om Putin. Situasjonen har nådd eit punkt av ekstrem aktløyse no når den britiske regjeringa erklærer at dei førebur seg til krig mot Russland. Under Sovjet-æraen ville inga britisk regjering ha kome med ei så uhyrleg provokativ erklæring. Russland kan feie Storbritannia bort frå jordas overflate på få minutt, og den britiske forsvarsministeren erklærer at Storbritannia førebur seg til krig mot Russland!
Putin er ein intelligent, høfleg, tilpasningsdyktig og fornuftig leiar, ein type som ikkje finst nokon stad i Vesten. Han er den einaste politiske leiaren nokon stad som kan stå framfor eit samla pressekorps som ofte er fiendtleg innstilt i timevis, og svare på alskens spørsmål utan unnvikingsmanøvrar, notatar eller hjelparar som kviskrar svara i øyret på han. Putin fortener respekt frå alle. I staden er han, saman med Russland, offer for ein orkestrert demoniseringskampanje. Korleis fremjar dette fred? I den tida vi lever i, med ufatteleg kraftige atomvåpen, korleis kan slik uansvarleg vestleg åtferd rettferdiggjerast?

Doctorow seier at Putin er så ansvarleg og full av sjølvkontroll, at ingen er redd for å fornærme han. Situasjonen er ustabil. Før eller seinare vil Putin måtte sette ned foten, elles vil han miste enten Russlands sjølvråderett eller støtta han har frå folket i Russland. Dersom Putin ventar for lenge kan det hende foten kjem ned på eit tidspunkt då idiotpolitikarane som utgjer «vestleg leiarskap» har slått på krigstrommene så lenge at dei ikkje lenger kan stilnast.
Washington sin stupiditet er uvanleg også av ein annan grunn. Washington trur at sanksjonering, demonisering og utfrysing av Putins Russland vil resultere i at Putin blir kasta. Kanskje, men den fornærma nasjonalismen til det russiske folket og militæret hadde ikkje produsert noka Washington-nikkedokke til erstatning for Putin. Den hadde framskaffa ein mindre tilbakehalden russisk nasjonalist som ville brukt Russland si makt til å disiplinere sine bakvaskarar.
Enten det no blir på den eine eller den andre måten, så vil resultatet bli krig og døden for oss alle.
Omsett av Monica Sortland
Kjelde: https://russia-insider.com/en/putin-too-polite/ri26176
3 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 264 ganger.
Ingen kommentarer