50 år med israelsk okkupasjon
av Monica Sortland
18/05-2017
Den 5. juni i år er det 50 år sidan Israel starta 6-dagarskrigen i 1967, då dei med militærmakt tok over Gaza, Vestbanken og Aust-Jerusalem. Det vert rekna som starten på okkupasjonen.
Sidan den gong har dei systematisk kolonisert palestinsk land med busetnader berre for jødar.

Slike kart vart fjerna frå lærebøker i USA etter israelsk innblanding
På desse femti åra har dei
– lagt 48 000 palestinske hus i ruinar på Vestbanken og Gaza
– konfiskert over 586 000 mål palestinsk land på Vestbanken
– gjort 300 000 palestinarar til flyktningar
– kolonisert Vestbanken med fleire enn 600 000 jødiske ‘settlarar’ – eit direkte brot på Fjerde Geneve-konvensjon
– sett i kraft fleire enn 50 lover som diskriminerer den arabiske minoriteten i Israel
– etablert eit apartheid-rettsvesen med sivile domstolar for jødiske settlarar og separate militære domstolar for 4,5 millionar palestinarar, som blir utsette for fengsling på ubestemt tid, utan eigen advokat og med ein domfellingsrate på 99,74 prosent
– bygd ein svær mur som gjer at palestinarar som bur på arabisk side av grensa og jobbar på israelsk-kontrollert side, må stå opp midt på natta for å stille seg i timelange køer ved kontrollpostane. Dag etter dag.
– drept eit utal palestinarar med bomberegn og gjennom reine eksekusjonar. I ein dokumentar kom det fram at store område på arabisk side langs grensa var reinska for vaksne menn; dei var enten drepne eller fengsla
– torturert fangar. Ein norsk offiser som har jobba for dei fredsbevarande styrkane til FN i området kunne for ei tid sidan fortelje på Dagsrevyen om systematisk tortur av fangar. Israelske soldatar heldt t.d. folk fanga i ørsmå bur i timesvis i solsteiken.
Generalforsamlinga i FN har gong på gong lagt fram resolusjonar som fordømmer Israels framferd i området. Allereie året etter danninga av staten Israel i 1947 (då det britiske mandatet over Palestina vart delt inn i arabiske og jødiske statar og byen Jerusalem) la dei fram ein resolusjon om assistanse til palestinske flyktningar. Slike kom det mange av i åra framover. I 1976 fremja Generalforsamlinga ein resolusjon som bad Tryggingsrådet sette i verk effektive tiltak mot Israel, sanksjonar vart særskilt nemnt. Dagen etter kom saka opp på Tryggingsrådet sin agenda til avstemming, men den vart effektivt stoppa med veto frå USA sin delegat. Slik har USA oppigjennom åra stoppa samtlege forsøk på straffetiltak mot Israel i regi av Tryggingsrådet. Israel sjølv har glatt ignorert alle protestar. Dei har også konsekvent nekta FN-observatørar tilgang til dei gjeldande sonene. Sannsynlegvis stod dei også bak giftmordet på tidlegare PLO-leiar Yassir Arafat, også dette utan konsekvensar.
USA er elles det landet som i størst grad har støtta Israel økonomisk og militært. Fram til no har dei forsynt landet med militær støtte til over 230 milliardar dollar, ifølge Palestine Advocacy Project.
Her i Noreg gjer vi det litt meir subtilt. Vi har over u-hjelpsbudsjettet gitt fleire milliardar i støtte til oppbygging av den palestinske staten. Men samtidig blir fleire milliardar av oljefondet (Statens pensjonsfond) brukt til kjøp av israelske statsobligasjonar. Mellom 2011 og 2014 auka desse investeringane heile 40 gonger, til 8 milliardar kroner, ifølge rapporten ‘Farlige forbindelser, norske bånd til den israelske okkupasjonen’, publisert i 2015. I tillegg investerer oljefondet i fleire multinasjonale konsern som produserer utstyr som blir brukt av okkupasjonsmakta til kontroll av massane, t.d. radarar og varmesøkande kamera og utstyr til biometrisk personkontroll ved grensepostane. Dessutan handlar vi våpen med okkupasjonsmakta. Rapporten ‘Norsk våpenhandel og militært samarbeid med Israel’ skriven i 2012 av Alexander Harang for Fagforbundet og Norsk Folkehjelp, stadfester at «På tross av eksportforbudet importerer eksempelvis Norge store mengder krigsmateriell fra Israel. Det er også et viktig salgsargument for israelsk krigsmateriell at utstyret er «stridstestet» i Det okkuperte palestinske området. […] Selv om det er forbudt å eksportere våpen fra Norge til Israel, finner norsk krigsmateriell allikevel veien til Israel. Våpen produsert i norskeide fabrikker i utlandet og våpensystem med norskproduserte deler brukes i dag i stort omfang av Israel.»
Det er ingen løyndom at jødane har vorte forfølgde oppigjennom historia. Delvis rettmessig. Det starta vel med slaveriet under Egypts faraoar. Men dette er ein skjebne dei deler med eit utal andre folkegrupper i slavetida. Den særskilte anti-semittismen starta sannsynlegvis etter at katolisismen oppstod som religion. At jødane nekta å godta Jesus som verdsherskar, har alltid vore ei torn i auga på den katolske kyrkja. Korstoga som starta på 1200-talet for fram med den største brutalitet mot både muslimar og jødar og andre ‘kjettarar’ og ikkje-truande. Og før den tid hadde imperiet som bestod av ein slags symbiose mellom Romerriket og pavekyrkja okkupert bl.a. svære deler av Europa, eit rike som strakk seg heilt opp til Hadrians mur i Storbritannia og midt-Noreg i nord. Tvangskristning føregjekk i valdelege former. I fleire land var jødar nekta tilgang, mellom anna i Noreg, der saka vart via høg prioritet, allereie i §2 i den opprinnelege Grunnlova av 1814 stod det at «Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget».
Det heile toppa seg med 2. verdskrig, då katolikken Adolf Hitler i samforstand med Italias statsleiar Benito Mussolini (som sørga for at Vatikan-byen i Roma, der paven held hus, fekk tildelt status som eigen stat, med eigne lover, pass, diplomatar og heile pakka, og dermed kunne organisere Rotteruta, flyktruta for mange leiande nazistar og andre fascistar etter krigen) og finansiert og inspirert av mellom andre bilproduksjonsgiganten Henry Ford (tilhøyrande den episkopale kyrkja — «protestant, yet catholic», ifølge Wikipedia; same religionen som George Bush og mange andre kaksar og toppolitikarar tilhøyrer – og kraftig anti-semitt – han sørga t.d. for massepublisering av dei kontroversielle Zions protokollar i førkrigstida) såg til at kring 6 millionar jødar systematisk vart avliva (at nazistane i same krigen og i løpet av kortare tid tok livet av over 20 millionar sovjetarar, er det færre som talar om, men dèt er ei anna historie). Dette var sjølvsagt ikkje rettvist. Når eg seier ‘delvis rettmessig’, tenker eg først og fremst på det faktum at det i dei gamletestamentlege Moselovene står at jødane er Guds utvalde folk. Det blir fortalt om erobringar av land der folk blir slakta ned for fote. Moses (helten som leidde det jødiske folket ut frå slaveriet i Egypt) skal ha sagt, etter eit tokt mot Midian, der alle menn hadde blitt slått ihjel og alle kvinner og barn tatt til fange,husdyr og gods tatt til krigsbytte og alle teltleirar brent ned: «Slå nå ihjel alle guttebarn og alle kvinner som har hatt samleie med menn. Men alle unge piker som ikke har hatt samleie med menn, skal dere la leve. De skal høre dere til.» (Fjerde Mosebok, 31:7 og utover).
I ekte imperialistisk stil.
Sett på denne måten er det kanskje ikkje så rart at det ofte var lett å få folk med seg på jødehat. Og så lenge jødedommen ikkje gjennomgår nokon slags reformasjon der dei sluttar å støtte den slags svineri, er det vanskeleg å sjå for seg ein ekte og varig fred.
Kongar og andre høge herrar har alltid vore myteomspunne. At Moses blei plukka opp av faraos dotter, då han kom flytande i ei korg på elva, er nok ei eventyrleg omskriving av sanninga som mest sannsynleg er at han var den uekte sonen hennes. Altså ein slags prins, barnebarnet til farao. I kongehus verda over har det alltid vore tradisjon for at sønene fer ut med fars hærstyrkar og erobrar nye landområde (så slepp dei dele opp rika som allereie er erobra, og alle får). Dette er vel berre spekulasjonar, men eg undrast på om vanlege jødar like ivrig skulle støtte Moses om det kom for ein dag at han berre var ein simpel, brutal imperialist.
For ein ateist er det lett å berre avskrive alt dette med religion som tøv som vaksne folk berre ikkje kan tru på, som med julenissen og tussar og troll. Noko som burde ha stoppa med opplysningstida, då den eine løgna etter den andre vart avslørt. Men det er like fullt eit faktum at den religiøse utbreiinga her i verda er kolossalt stor. Frontane er steile. Politikarar som påberopar seg Guds støtte sørgar for at systemet blir oppretthalde, framfor alle slike som ein finn i USA (både Demokratane og Republikanarane), Likud i Israel, wahabistane i Saudi-Arabia, CDU i Tyskland, KrF i Noreg (særleg etter at katolikken Matlary har fått utfalde seg fritt der i garden dei siste åra) med fleire.
Jødane har blitt forfølgde, men det gir dei ikkje retten til å sjølve te seg som nazistar mot uskuldige.
Femti år er skammeleg lang tid. Stopp okkupasjonen!
Bilder/tekst: Sortland/Lindtner
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 346 ganger.
2 Kommentarer
«Jødane har blitt forfølgde, men det gir dei ikkje retten til å sjølve te seg som nazistar mot uskuldige.»
Jødene har bygd opp en myte om seg selv som «forfølgde», men det gir dem ikke retten til å te seg som jøder mot uskyldige.
Korreksjon: Det første korstoget starta i år 1096.