«Brotsverk mot demokratiet»: det USA-støtta fascistkuppet i Bolivia
Global Research, 15. november, 2019
Bolivias legitime president, Evo Morales, som no er i eksil i Mexico, seier at «OAS (Organisasjonen av amerikanske statar) er i det nord-amerikanske imperiet si teneste» og at han «kunne ikkje skjøne» korleis hans militære leiarar kunne svike Bolivia. «Det stadfestar at mitt store brotsverk er å vere av urfolket. Det er eit klasseproblem» rapporterer rt.com.

Uansett har Morales framleis støtte frå fleirtalet av det bolivianske folket. Morales skapte historie som Bolivias første indianske president som var ein fattig bonde utan høgare utdanning.
Eksilpresidenten sa at den bolivianske økonomien var i framgang etter at den vart fridd ifrå Det internasjonale pengefondet (International Monetary Fund, IMF)» seier reportasjen.
Historisk sett har mange bolivianske presidentar før Morales vore på linje med Washington sine interesser og undertrykt den fattige og opphavelege folkesetnaden. Dei har myrda streikande arbeidarar, og dei til og med selde ut Bolivias mineralrikdom til US-amerikanske og europeiske korporasjonar. Det bolivianske folket var bunde i fattigdom i fleire tiår under høgrevingsdiktatur som allierte seg med USA og til og med militariserte kokaplantedyrkande regionar der Morales fekk førstehands erfaring med tyranni. Ei historie på Al Jazeera i 2014 om Evo Morales sin veg til makta, med tittelen ‘Bolivia: Har Evo Morales gjort sine kritikarar til skamme?‘, fortel at «Èi hending stakk seg levande ut for Morales etter at han flytta til kokadyrkingsregionen: I Chipiriri vart ein cocalero (kokabonde) drepen av militæret då han nekta å erkjenne straffeskuld for narkohandel.
“Utan noka form for overveging dekka [militæret] kroppen hans med bensin og brende han levande, framfor auga på mange folk», sa Morales.
Men historia nemner også Morales sin suksess:

“Brutto nasjonalprodukt har auka jamt frå 2009 til 2013, og FN rapporterer at Bolivia scorar høgast på fattigdomsreduksjon i Latin-Amerika, med ein nedgang på 32,2 prosent frå 2000 til 2012. Sysselsetting og løner har også gått opp, med ein oppsiktsvekkande 20 prosents auke av minsteløna i fjor.» Den økonomiske planen til Morales viste seg å vere vellykka: «Morales sin framgangsmåte med å sette forskjellig industri under statskontroll, frå gruver til telekommunikasjonsselskap, har generert enorme reservar for regjeringa, som den brukar på infrastruktur – berre 10 prosent av vegane i landet har fast vegdekke – og sosiale program for å løfte barn, mødre og eldre ut av fattigdom. Takka vere eit vellykka utdanningsprogram har UNESCO (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization, FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur) erklært landet fritt for analfabetisme.»

Då Morales vart utropt til vinnaren av valet den 20. oktober, varte det ikkje lenge før valdelege høgrevingsprotestar gjorde seg gjeldande. Leiarane for opposisjonen, som for det meste er leidd av fascistiske element av det bolivianske samfunnet, inkluderer mellom andre Luis Fernando Camacho, som av Max Blumenthal og Ben Norton i The Grayzone har blitt omtalt som «ein mektig multimillionær nemnt i Panamapapira, og ein ultrakonservativ kristen-fundamentalist som har blitt dyrka fram av fascistiske paramilitære vidgjetne for sin rasistiske vald, med base i Bolivias rike separatistregion Santa Cruz.»
Då overraskar det ikkje at Camacho blir støtta av høgrefløyregjeringane til Colombia og Brasil saman med dei venezuelanske opposisjonsleiarane som framleis prøver å styrte Nicolas Maduro etter at dei nyleg mislykkast med det. Dei valdelege protestane som har brote ut mot Morales-regjeringa har ført til ekstrem vald med døden til følge og banking av politikarar, noko som tvinga fram avgangen til Morales, visepresident Garcia Lineran og andre i administrasjonen, etter råd frå tenestemenn i hæren og politisjefar som var kjøpte og betalte av Washington.
Morales-regjeringa kalla det eit kupp, utført av USA-støtta opposisjonsstyrkar. Morales føreslo dialog med opposisjonspartia, men vart blankt avvist. Det vart rapportert om at Morales til og med godtok rådet frå Washingtons lakei OAS om å lyse ut nyval, men blei ignorert.

Dei valdelege protestane var retta mot leiarar av MAS (Movimiento al Socialismo, Rørsla for sosialisme), som er det politiske partiet som Morales tilhøyrer, og journalistar vart slått laus på av mobb frå høgresida.
BBC rapporterte at borgarmeisteren i ein landsby i Bolivia vart dradd ut av heimen sin. Deretter dekka dei ho med raudmåling og klipte av håret hennar.
“Patricia Arce frå det regjerande MAS-partiet vart overlevert til politiet i Vinto etter mange timar. Det er det siste i ei rekke valdelege samanstøyt mellom regjeringstilhengarar og opponentar i kjølvatnet av det kontroversielle presidentvalet», sa reporteren. Etter kaoset har Evo Morales og andre i administrasjonen hans bestemt seg for å gå av, for å unngå blodbad. Fredag sa Morales at «Eg vil fortelle dykk, brødre og systre, og også heile Bolivia og heile verda: Eg gir ikkje opp. Vi har blitt valde av folket, og vi respekterer grunnlova.»
Trump hevdar at Latin-Amerika er på veg mot demokrati, rikdom og fridom
På måndag hylla president Trump kuppet som ein «viktig augeblink for demokratiet.» Trump sa at
“etter nesten 14 år og hans nylege forsøk på å overstyre den bolivianske grunnlova og viljen til folket, bergar Morales sin avgang demokratiet og tilrettelegg for at det bolivianske folket kan få sine røyster høyrd.»

Trump trua også Venezuela og Nicaragua, då han sa at det ville «sende eit kraftig signal til dei illegitime regima i Venezuela og Nicaragua om at demokratiet og folkeviljen alltid vil vinne. Vi er no eitt steg nærare ein heilt demokratisk, rik og fri vestleg hemisfære.» Washington støttar sine høgrevingsmarionetter Lenin Moreno i Equador og Chiles milliardærpresident Sebastián Piñera. Kanskje burde Trump spørje det equadorianske og chilenske folket om demokrati og økonomisk velferd under dei to fascistregima. Hugsar du kva Trump sa då han var presidentkandidat, og seinare vald til president i desember 2016? Han sa at
“Vi vil slutte med å ile til og styrte framande regime som vi ikkje veit noko om, som vi ikkje burde vere involverte med.»
Trumps haldning skulle fort nok endre seg, for det er Pentagons og Washingtons innsidarar i djupstaten som styrer Trump sin utanrikspolitikk. Nyleg prøvde Trump-regimet å styrte Nicolas Maduro i Venezuela, men mislykkast. No samarbeider Trump med djupstaten og høgrevingsopposisjonen i Latin-Amerika om å reetablere USAs dominans ved hjelp av same strategi for regimeendring i Venezuela, Nicaragua og andre, trass den stigande rosa bølga i Brasil, med Lula Da Silva som nyleg vart lauslaten frå fengsel. Lula vart sendt i fengsel etter ein dom i juli 2017, då han skal ha mottatt 1,2 millionar dollar i muter frå eit brasiliansk byggefirma kalla OAS for å hjelpe dei med å skaffe seg lukrative oppdrag for det offentlege. Lula da Silva har alltid nekta straffeskuld for dei falske skuldingane. Men Washingtons påverknadskraft saman med dei rike høgrevingsoligarkane spelte ei rolle i fengslinga. Ein av Lulas advokatar den gong, Valeska Texeira Zanin Martin, sa at
“Denne politisk motiverte dommen er eit åtak på Brasils rettssystem, demokratiet og Lulas grunnleggande menneskerettar. Den er umåteleg viktig for det brasilianske folket og det internasjonale samfunnet.”
Lula har, saman med leiarar frå Argentina, Cuba, Nicaragua og Venezuela, fordømt kuppet og støtta Morales.
Korfor Washington ønska å fjerne Morales frå makta
Morales var under skyts av fleire grunnar. Tilbake i 2013 sparka Morales ut eit av Washingtons viktigaste verkty for regimeskifteoperasjonar, USAID. Den 1. mai 2013 rapporterte Reuters at

«Morales sa han sparka ut U.S. Agency for International Development (USAID) som ein «protest» etter at USAs utanriksminister John Kerry refererte til Latin-Amerika som Washingtons «bakgard». «I dag skal vi berre nasjonalisere … det bolivianske folkets verdigheit. USAID skal ut av Bolivia,» sa Morales.»
Det var eit slag mot Washingtons agenda i «bakgarden» sin. Men dei har framleis det CIA-påverka National Endowment for Democracy (NED), som har finansiert høgrevingssaker med millionar av dollar sidan Morales vart vald.
Morales er også ein kritikar av USAs utanrikspolitikk generelt, uansett kven som er president i landet. Sjølv om Washington med sitt militærindustrielle kompleks, inkludert CIA, hadde planlagt å fjerne Morales frå makta før Trump inntok presidentsetet, fekk Trump kritikk på eit FN-tryggingsmøte i 2018 då Morales sa:
“Eg vil seie dykk, ope og ærleg her, at USA på ingen måte er interessert i å støtte demokratiet» og at USA under Trump-regimet «kunne ikkje bry seg mindre om menneskerettar eller rettferd.» Morales la til at «Om dei hadde brydd seg, så ville dei ha signert dei internasjonale konvensjonane og avtalane som har verna om menneskerettar … Dei ville ikkje ha trua etterforskingsmekanismen til Den internasjonale straffedomstolen. Heller ikkje ville dei ha fremja bruken av tortur, eller trekt seg frå Menneskerettsrådet. Og heller ikkje ville dei ha separert immigrantbarn frå sine familiar, eller sett dei i bur.»
Sensitive Trump likte ikkje å høyre dette, hans alter ego vart knust under møtet med FNs tryggingsråd, og dét er grunnen til at han hylla kuppet.
Når det gjeld Bolivias naturressursar: det amerikanske etablissementet vil ha alt i hop
Det er vel kjent at Bolivia har verdas største reservar av lithium. Som Bloomberg News i fjor rapporterte om i ‘Bolivia’s Almost Impossible Lithium Dream’ (Bolivias nesten umoglege lithiomsdraum):

Etterspurnaden etter lithium er venta å meir enn doble seg i 2025. Det mjuke, lyse mineralet blir utvunne hovudsakleg i Austerrike, Chile og Argentina. Bolivia har plenty – 9 millionar tonn som aldri har vore i kommersiell gruvedrift, den nest største mengda i verda, men fram til no har det ikkje vore nokon praktisk måte å utvinne og selje den på.
Eit stort steg i den økonomiske utviklinga for Bolivias regjering, var då dei valde det kinesiske konsortiet Xinjiang TBEA Group Co Ltd til sine lithiumsproduksjonsprosjekt. Det var også ein trussel mot USA sine økonomiske interesser og deira avtakande dominans i Latin-Amerika. Som rapportert av Reuters tidlegare i år «Kinas Xinjiang TBEA Group Co Ltd vil halde ein del på 49 prosent i eit planlagt joint venture med Bolivias statsselskap for lithium, YLB, sa det bolivianske firmaet.» Når det gjeld Kina og Bolivia sitt samarbeid om å produsere lithium i Amerikas bakgard? Både Demokratar og Republikanarar, inkludert dei neokonservative som finst i begge partia i Washington, kjjem ikkje til å tolerere eit slikt joint venture – særleg ikkje når Kina er involvert. Reportasjen sa at

“Bolivia estimerer at utviklinga av prosjekta vil koste minst 2,3 milliardar dollar. Det kinesiske firmaet vil stå for oppstartsinvesteringa, og YLB vil betale sin del med framtidig lithiumsproduksjon, sa YLB-sjefen Juan Carlos Montenegro på telefonen.» Morales vart sitert på å ha sagt «Korfor Kina? Det finst ein garantert marknad i Kina for batteriproduksjon,» sa Bolivias president Evo Morales i fjernsynskommentarar under ein signeringsseremoni i byen Oruro i høglandet. Kina, den største globale konsumenten av lithium, vil trenge 800 000 tonn av metallet per år kring 2025, for å støtte sin veksande el-bil-industri,sa Kinas ambassadør til Bolivia, Liang Yu, på den same eventen, og han hylla avtalen som ‘historisk’. Lithium er ein hovudkomponent i batteri som vil drive neste generasjons elektriske bilar.
Heilt sidan Evo Morales vart vald til president, har Washington hatt planar om å styrte han – særleg etter at han byrja samarbeide med avlidne Hugo Chaves av Venezuela og andre anti-USA, venstrevingsregjeringar som steig fram rundt om i Latin-Amerika. Pressebyrået AFP (Agence France-Presse) rapporterte at Morales hadde twitra «Det gjer meg vondt å forlate landet av politiske årsaker, men eg vil alltid halde eit auge med kva som skjer der. Eg kjem tilbake med meir styrke og energi.» Med Lula på veg attende i politikken, og med Venezuela, Mexico, Nicaragua, Cuba og no Argentina med president Alberto Fernández, som var sjef for ministerkabinettet under Néstor Kirchner og ei kort tid under Cristina Fernández de Kirchner. Det byrjar sjå ut som om Latin-Amerika sin kamp for å fri seg frå klørne til det amerikanske Imperiet, berre så vidt har starta.
Omsett av Monica Sortland
Kjelde: https://www.globalresearch.ca/u-s-backed-fascist-coup-bolivia-crime-against-democracy/5695045
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 535 ganger.
Ingen kommentarer