TERROR I ENGLAND: KVA VISSTE STATSMINISTEREN?
av John Pilger

John Pilger
Det ein ikkje kan snakke om i den britiske valkampen er dette. Årsakene til det uhyrlege som skjedde i Manchester, der 22 for det meste unge menneske vart myrda av ein jihadist, blir haldne hemmelege for å verne om løyndommane til britisk utanrikspolitikk.
Denne artikkelen er hentet fra derimot.no sitt rikholdige arkiv og har fortsatt aktualitet selv om det er en tid siden Manchester-terroren i mai 2017. Fortsatt bruker Storbritannias hemmelige tjenester jihadister til ulike oppdrag i Midt-Østen.
Kritiske spørsmål – slike som korfor tryggingstenesta MI5 hadde terroristar til disposisjon i Manchester og korfor ikkje stryresmaktene åtvara folk om trusselen midt i blant dei – er det framleis ikkje kome noko svar på, dei blir avleidde med løfte om ei intern «gransking».
Den angivelege sjølvmordsbombaren, Salman Abedi, var medlem av ei ekstremistgruppe, Libyan Islamic Fighting Group, som hadde gode kår i Manchester, og som MI5 kultiverte og gjorde seg nytte av i over 20 år.
LIFG er fordømte i Storbritannia som ein terroristorganisasjon som ønsker seg ein «uforsonleg islamsk stat» i Libya, og er «del av ei vidare, global islamistisk ekstremistisk rørsle, inspirert av al-Qaida».
«Den rykande revolveren» er at då Theresa May var innanriksminister, hadde LIFG-jihadistar lov til å ferdast uhindra rundt om i Europa, og vart oppmoda til å delta i «kamp»: først for å fjerne Muammar Gadaffi i Libya, deretter for å slå seg ihop med al-Qaida-tilknytte grupper i Syria.

Theresa May
I fjor plasserte FBI angiveleg Abedi på ei liste over terroristar som skal overvakast («terrorist watch list»), og åtvara MI5 om at gruppa hans var på jakt etter eit «politisk mål» («target») i Storbritannia. Korfor vart han ikkje tatt og nettverket rundt han hindra i å planlegge og utføre det grufulle dei gjorde den 22. mai?
Desse spørsmåla reiser seg på grunn av ein lekkasje i FBI som øydela «einsam ulv»-skrøna etter 22. mai-angrepet – derav det panikkarta, uvanlege raseriet retta mot Washington frå London, og Donald Trumps orsaking.
Det grufulle som skjedde i Manchester løfter steinen av britsk utanrikspolitikk og avslører dennes faustiske [Den litterære karakteren Faust gjorde ei pakt med Djevelen, oms.] allianse med ekstrem islam, spesielt den sekta som er kjent som wahhabisme eller salafisme, som har olje-kongeriket Saudi-Arabia – Storbritannias største våpenkunde – som øvste vaktar og bankier.
Dette imperie-ekteskapet strekk seg tilbake til 2. verdskrig og den første tida til Den muslimske brorskapen i Egypt. Målet til britisk politikk var å stoppe pan-arabisme: arabiske statar som utvikla ein moderne sekularisme, hevda sitt sjølvstende frå det imperialistiske vesten og kontrollerte sine ressursar. Danninga av eit rovlystent Israel var tenkt å ta hand om dette. Pan-arabisme har deretter blitt knust; målet no er splitt og hersk.
I 2011, i følge Middle East Eye, var LIFG i Manchester kjent under namnet «Manchester-gutane» («the Manchester boys»). Kompromisslaust imot Muammar Gadaffi, var dei sett på som høgrisiko, og ein del var under innanriksdepartementets kontroll-ordrar – husarrest — då anti-Gadaffi-demonstrasjonar braut ut i Libya, eit land samansett utifrå ein myriade av stammefiendskap.

Under Libya-krigen blei det god bruk for Manchester-gutane
Brått var ordrane trekte tilbake. «Eg fekk gå, ingen spørsmål vart stilte,» sa ein av LIFG-medlemmane. MI5 returnerte passa deira og anti-terror-politiet på Heathrow flyplass fekk beskjed om å la dei passere.
Styrtinga av Gadaffi, som kontrollerte dei største olje-reservane i Afrika, hadde lenge vore planlagt i Washington og London. I følge fransk etterretning, gjorde LIFG fleire attentat-forsøk på Gadaffi på 1990-talet, med pengar frå britisk etterretning. I mars 2011 greip Frankrike, Storbritannia og USA sjansen til ein «humanitær intervensjon», og angreip Libya. Dei fekk selskap av NATO under dekke av ein FN-resolusjon om å «verne sivile».
Sist september konkluderte ei gransking gjort av House of Commons’ Foreign Affairs Select Committee, med at dåverande statsminister David Cameron hadde drege landet inn i krig mot Gadaffi på grunnlag av ei rekke «feilaktige førestillingar», og at angrepet hadde «ført til vekst for Den islamske staten i nord-Afrika». Komitéen siterte det dei kalla Barack Obama si «fyndige» skildring av Cameron si rolle i Libya som ei «skit-framsyning» («shit show»).
I røynda var Obama ein leiande aktør i «skit-framsyninga», pressa fram av sin krigshissande utanriksminister, Hillary Clinton, og media som anklaga Gadaffi for å planlegge «folkemord» mot sitt eige folk. «Vi visste … at om vi hadde venta ein dag til,» sa Obama, «så kunne Benghazi, ein by på storleik med Charlotte, ha blitt offer for ein massakre som kunne ha gitt gjenklang over heile regionen og sverta samvitet til verda.»

Under Libya-krigen var det fleire enn Obama som laug – også Stoltenberg
Massakre-historia var fabrikert av salafist-militsen, som stod overfor tap mot libyske regjeringsstyrkar. Dei fortalde Reuters at der ville bli «eit verkeleg blodbad, ein massakre som den vi såg i Rwanda». Komitéen rapporterte at «Påstanden om at Muammar Gadaffi skulle ha gitt ordre om ein massakre på sivile i Benghazi, hadde ikkje støtte av noko tilgjengeleg bevis.»
Storbritannia, Frankrike og USA øydela effektivt Libya som ein moderne stat. I følge sine eigne oppteikningar, sette Nato i verk 9 700 einskildtokt med fly («strike sorties»), av desse traff meir enn ein tredjedel sivile mål. Dei inkluderte fragmenteringsbomber og rakettar med uran-stridshovud. Byane Misrata og Sirte vart teppebomba. Unicef, FN sin barneorganisasjon, rapporterte om at ein stor del av dei drepne barna «var under ti år gamle».
Meir enn å «auke framveksten» til Islamsk stat – IS hadde allereie slått rot i ruinane av Irak etter invasjonen til Blair og Bush i 2003 – fekk desse levningane frå middelalderen no heile Nord-Afrika som base. Åtaket sette også i gang ein panisk flukt mot Europa.
Cameron vart hylla i Tripoli som «frigjerar», eller han innbilte seg at han var det. Massane som jubla for han inkluderte desse som hemmeleg var forsynte og opptrente av bitiske SAS og inspirerte av Islamsk stat, slike som «Manchester boys».

Cameron taler i Benghazi, Libya, etter at velferdstaten er ødelagt av NATO.
For amerikanarane og britane var Gadaffis verkelege brotsverk hans revolusjonære uavhengigheit og planen om å forlate petrodollaren, ei søyle for US-amerikansk imperie-makt. Han hadde dristige planar om å underteikne for ein felles afrikansk valuta basert på gullstandarden, etablere ein all-afrikansk bank, og fremje ein økonomisk union mellom fattige land med rettvist prisa ressursar. Enten dette ville ha skjedd eller ikkje, var idéen i seg sjølv utåleleg for USA, ettersom dei planla å «entre» Afrika og mute afrikanske regjeringar med militære partnerskap.
Den falne diktatoren flykta for livet sitt. Eit fly frå Royal Air Force fekk auge på konvoien hans, og i ruinane av Sirte vart han sodomisert med ein kniv av ein fanatikar omtala i nyheitene som «ein rebell».
Etter å ha plyndra Libyas $30 mrd.-arsenal, avanserte «rebellane» sørover medan dei terroriserte byar og landsbyar på vegen. Då dei kryssa over til sub-saharisk Mali, øydela dei også dét landets skjøre stabilitet. Dei alltid ivrige franskmennene sende fly og troppar til sin tidlegare koloni, «for å kjempe mot al-Qaida», eller den plagen dei hadde hjelp til med å skape.
Den 14. oktober, 2011, erklærte Obama at han ville sende spesialstyrkar til Uganda for å slutte seg til borgarkrigen der. Over dei neste få månadane vart amerikanske kampstyrkar sende til Sør-Sudan, Kongo og Den sentral-afrikanske republikken. Med Libya sikra, var ein US-amerikansk invasjon av det afrikanske kontinentet på veg, til store delar uomtalt.
I London vart ei av verdas største våpenmesser arrangert av den britiske regjeringa. Summinga rundt om på standa var «demonstrasjonseffekt i Libya». London Chamber of Commerce and Industry heldt ein presentasjon med tittelen «Midt-Austen: ein stor marknad for britiske forsvars- og tryggingsselskap». Verten var Royal Bank of Scotland, ein av dei største investorane på klasebomber, som blei hyppig brukt mot sivile mål i Libya.

Aktverdigheita fordampar når ein skrapar i fasaden
Vaskeseddelen for bankens våpen-parti lovprisa «nye muligheiter for britiske forsvars- og tryggingsselskap».
Førre månad var statsminister Theresa May i Saudi-Arabia og selde meir av dei £3 mrd. verde britiske våpna som saudiane har brukt mot Jemen. Stasjonert i kontrollrom i Riyadh, assisterer britiske militære rådgivarar saudiane sine bomberaid, som har tatt livet av fleire enn 10 000 sivile. Der er no klare teikn på hungersnaud. Eit jemenittisk barn døyr kvart 10. minutt av sjukdom som kunne vore hindra, seier Unicef.
Manchester-uhyrlegheitene den 22. mai var produktet av slik nådelaus statsvald på plassar langt borte, mykje av den er britisk sponsa. Liva og namna på offera blir nesten aldre kjent for oss.
Denne sanninga kjempar for å bli høyrd, nett som den kjempa for å bli høyrd den gongen undergrunnsbana i London vart bomba den 7. juli, 2005. I blant vil nokon bryte stilla, slik som den aust-londonaren som gjekk inn framfor eit kamera-team og ein reporter frå CNN midt i plattheitene. «Irak!» sa han. «Vi invaderte Irak. Kva hadde vi venta? Kom igjen, sei det.»
På ein stor medie-samankomst eg var med på, ytra mange av dei viktige gjestane «Irak» og «Blair» som eit slags katarsis for det dei ikkje vågde seie profesjonelt og offentleg.
Men før han invaderte Irak, vart Blair åtvara av Joint Intelligence Committee om at «trusselen frå al-Qaida vil auke ved igangsetting av ein militær aksjon mot Irak… Den globale trusselen frå andre islamistiske terroristgrupper og -individ vil auke signifikant».

Blair og Irak. Har det noko med Manchester-bomba å gjere?
Presis som Blair brakte heim til Storbritannia valden frå hans og George W Bush sitt bloddryppande «shit show», slik sette også David Cameron, støtta av Theresa May, saman sitt brotsverk i Libya og dei horrible følgene av dette, inkludert dei drepne og lemlesta på Manchester Arena den 22. mai.
Spinn-doktor-skrønene er tilbake, ikkje uventa. Salman Abedi handla på eiga hand. Han var ein stakkarsleg kriminell, ikkje noko meir. Det utbreidde nettverket avslørt i veka som gjekk av den amerikanske lekkasjen, har forsvunne. Men ikkje spørsmåla.
Korleis kunne Abedi reise fritt gjennom Europa til Libya og tilbake til Manchester berre få dagar før han utøvde sitt forferdelege brotsverk? Hadde Theresa May vorte fortald av MI5 at FBI hadde spora han opp som del av ei islamsk celle som planla å angripe eit «politisk mål» i Storbritannia?
I valkampen som no er i gang, har Labour-leiar Jeremy Corbyn forsiktig referert til ein «krig mot terror som har feila». Som han veit, var det aldri ein krig mot terror, men ein krig om erobring og undertvinging. Palestina. Afghanistan. Irak. Libya. Syria. Iran seiest å vere neste. Før eit nytt Manchester hender, kven skal ha motet til å seie det?
Kjelde: http://johnpilger.com/articles/terror-in-britain-what-did-the-prime-minister-know
Omsett av Monica Sortland
Bilder/tekst: Knut Lindtner
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 984 ganger.
6 Kommentarer
«Den 14. oktober, 2011, erklærte Obama at han ville sende spesialstyrkar til Uganda for å slutte seg til borgarkrigen der. Over dei neste få månadane vart amerikanske kampstyrkar sende til Sør-Sudan, Kongo og Den sentral-afrikanske republikken.»
Den forrige amerikanske presidenten var altså ikke uforutsigbar; her var forutsigbar invasjon og krig der det var mulig, – og lønnsomt for bakmmennene. (Om ikke for USA sin befolkning.)
I tillegg ble antagelig Ebola et våpen for å sette en grense for kinesiske interesser i sentral-Afrika.
Og vestlig media, og hjelpeorganisasjoner, danset med i spillet.. Heller ikke uforutsigbart.
God artikkel som kan dras tilbake til USAs general Smedley Butlers ‘War is a racket’.
Det Pilger her prøver å få frem er etter mitt syn en forståelse for at vi har en globalistisk elite som ganske enkelt prøver å ødelegge alt det som bygger oss opp og gjør oss levedyktige.
Nasjonalstaten er en fantastisk oppfinnelse, som gir alle de med en nogenlunde homogen etnisk homogenitet en mulighet til et felles løft mot noe som er mer enn sykdom og krig.
Globalistene ønsker å rasere dette for å kontrollere, og bygge opp en underklasse som de skal leve på. I Midt-østen bomber de for målet, i vesten sørger de for masseinnvandring og derav garanterte interne konflikter og voldelige hendelser som den i London.
I Norge sitter en av hovedregissørene for Norges bidrag til ødeleggelsen av Libya og er statsminister kandidat.
Og dette har Norges storting på tvers av partier arbeidet målbevisst for de siste 30-40 år.
Helt enig. Menneskets muligheter er uante. I vesten er vi kommet dit at produksjonsoverskuddet er så stort at alle kunne vært gjeldfrie. Vi har bygget opp et sosialt system som fanger opp de som trenger hjelp, ved at alle spytter onn i den samme felleskassa. Vå kultur skaper uante muligheter. Men alle disse muligheter holder vi nå på å ødelegge, ved å rasere det beste av europeisk sivilisasjon. En måte å forstå hva som skjedde i Libya på er å betrakte det som et miniatyrbilde på hva Vesten holder på å gjøre med sin egen sivilisasjon. Vi kan vel allerede konkludere at Europa ødelegger seg selv. Spørsmålet er bare hvor mye vil europa bli rasert? Skal vi helt tilbake til middelalderen igjen, bare vor å starte på nytt?
Fin omsetjing! 😉
Mørke krefter har ingen landegrenser.
De har ikke grenser i det hele tatt.
http://humansarefree.com/2018/12/police-chief-confirms-fmr-uk-prime.html?utm_campaign=shareaholic&utm_medium=facebook&utm_source=socialnetwork&fbclid=IwAR2coxf0TIRAAZhufS4dxyrBEcGvmI4PtHX8JG7-09xw5He95o7JJd4Yi5c