Kappe og dolk (del 2)
av Israel Shamir

Israel Shamir er en forfatter og journalist. Han er russisk-israelsk kristen med jødisk bakgrunn.Bøkene hans er oversatt til mange språk.
Dei vestlege etterretningstenestene har fått utruleg kunnskap om alt som skjer i Russland. Dei har skaffa seg omfattande databasar om russisk kvardagsliv, frå brot på trafikkreglane og bøter til pass-scanningar, frå bustadsregistreringar til drosjeetterspurnad, frå samtalar i chatte-program til e-post. Det let dei spore personar og hendingar i Russland med skummel presisjon.
Mange databasar hadde blitt stolne og selde av småskurkar; vestleg etterretning hadde lagt ned mykje konsentrert arbeid i å kjøpe kva som enn var tilgjengeleg på den svarte marknaden; nokre basar vart stolne og selde for kryptovaluta på djup-weben.
Dei mest verdfulle databasane hadde blitt selde av skurkar og/eller forrædarar, medan Informasjonstryggleikssenteret til FSB, leidd av oberst Sergej Mikhailov som no er sikta for høgforræderi, ikkje gjorde noko for å stoppe lekkasjen.

FSB-oberst Sergej Mikhailov
Det kjem fram at ved å kryssjekke eit russisk pass, kan vestlege tenester finne eigaren av passet med ei mangelfull eller feilaktig historie, utilstrekkeleg legendert på fagspråket, som då er truande til å vere medlem av hemmelege tenester. Menneske har historie, medan agentar har legender; om desse legendene er mangelfulle, kan dei sporast. Det gjeld berre lågnivå-agentar, operatørar av ikkje-så-høg-klasse som er truande til å reise i Vesten med denne typen dokument. Høgklasse-agentar har ei full legende, det vil seie ei komplett personleg (sannsynlegvis fiktiv) historie, og dei brukar sannsynlegvis utanlandske pass.
Ved å overvake chatte-program kunne vestlege tenester oppdage folk som hadde sendt eller mottatt gratulasjonsmeldingar på den eigentlege gebursdagen til KGB-operatøren. Dette er svært vanleg sjølv på Facebook, sjølv om det vanlegvis blir gjort av pensjonerte agentar eller folk som har hatt uformelle samband med dei hemmelege tenestene.

Pavel Vrublevskij
Mykje av denne katastrofen kan kan ein lære om via Pavel Vrublevskij, ein prominent internettoperatør og forretningsmann (han skapte Chronopay, det russiske systemet for online-betalingar) som hadde blitt kalla ‘cyberkriminell nummer 1 i verda’ av ein amerikansk ekspert, Brian Krebs i Spam Nation. Vrublevskij vart av oberst Mikhailov skulda for brot på internettryggleiken og dømt til to år i fengsel, men slapp fri då erkefienden Mikhailov vart tiltalt for forræderi. Vrublevskij nekta for skuldingane til Krebs. Etter hans syn jobbar Krebs for vestlege hemmelege tenester, og han hjelpte forrædaren Mikhailov. Eg har ingen aning om dette er sant eller ikkje, men Vrublevskij er fri medan Mikhailov sit i fengsel. Pavel Vrublevskij gav meg si forklaring på dei siste utviklingane i dei russiske tenestene, spesielt for Unz.com.
Russland er unike med sin slappe internettryggleik og konfidensialitetsreglar og praksis. I fleire år har alle Russlands databasar blitt stolne og selde, medan ISC FSB gjorde lite eller ingenting for å hindre det. Vrublevskij trur FSB hadde blitt villeidde av vestlege tenester og konsentrerte sine krefter om å kjempe mot virus, ormar og trojanarar, medan det var eit penge-og tidssløsande føretak. Dei stolne databasane lot Vesten skaffe seg eit nesten komplett bilete av russiske lågare-grad-spionar.

Ville Skripal reise til Russland?
Vrublevskij trur at britisk etterretning overtydde GRU (kanskje bør vi seie at GRU ikkje heiter GRU lenger, men GU, Hovuddirektoratet til Generalstaben, men det har neppe mykje å seie) om at Skripal ønskte å returnere til Russland. Sannsynlegvis vart dei fortalde at Skripal tenkte å bringe verdefulle gåver med seg, inkludert data frå Porton Down og løyndommane i Golden Rain-dossieret. Det er også mogleg at Skripal hadde blitt manipulert; kanskje han verkeleg ønska å dra attende til Russland, landet han sakna sårt.
To GRU-agentar som visstnok er ekspertar på uttrekking (dei skal ha snike den ukrainske presidenten, Janukovitsj, ut ifrå Ukraina etter kuppet, og redda han frå lynsjemobben) vart sende til Salisbury for å ta grunnprøver og førebu Skripals retur. Som vi har fått vite frå videoar og fotografi publiserte av britane, vart dei to mennene følgd nøye med på frå byrjing til slutt. I mellomtida iscenesette britisk etterretning ei ‘forgifting’ av Skripal og dottera, og dei to agentane drog raskt heim att.

Stepan Andrijovytsj Bandera var en ukrainsk fascistisk politiker. Bandera ble myrdet med cyanid av den sovjetiske KGB-agenten Bohdan Stasjinski (utdrag fra Wikip.)
Det finst ikkje ein einaste mann nær russisk etterretning som trur på at Skripal faktisk vart forgifta av russarane. For det første fanst det absolutt ingen grunn til å gjere det, og for det andre: dersom russarane hadde villa forgifte han, hadde dei gjort det skikkeleg, slik som med den ukrainske quislingen Stepan Bandera.
Men ved å spele dette kortet overtydde dei britiske hemmelege tenestene Foreign Office om å utvise alle diplomatar som hadde kontakt og samband med dei eksponerte GRU-agentane. Den massive deportasjonen av 150 diplomatar påførte dei russiske hemmelege tenestene alvorleg skade.
Men framleis hadde russarane inga aning om korleis Vesten hadde fått kjennskap til identitetane på så mange diplomatar med samband til GRU. Dei mistenkte at det var ein moldvarp, og ein forrædar som leverte stoffet til fienden.
Det var difor Vladimir Putin bestemte seg for å utfordre dei. Sidan han visste at dei to mennene som britisk etterretning hadde identifisert, ikkje hadde noko å gjere med den påståtte forgiftinga, bad han dei stå fram på RT i eit intervju med Simonyan. Ved å gi seg ut for å vere bondeknølar, skulle dei provosere fienden til å røpe kjelda si. Resultatet var uventa: i staden for å avsløre namnet på ein forrædar, så forklarte Belling Cat, ei nettside brukt av vestlege hemmelege tenester til forsettlege lekkasjar, korleis mennene hadde blitt spora opp ved hjelp av dei stolne databasane. Putins plan slo feil.

Cambridge Five var en celle med sovjettro spioner i England som ga informasjon til Sovjetunionen under den andre verdenskrigen og fram til begynnelsen av 1950-årene. (Wikip.)
Dei russiske hemmelege tenestene er ikkje daude. Etterretningstenester lir tap som følge av fiendtlege aksjonar frå tid til annan: the Cambridge Five infiltrerte dei øvre laga i MI-5 og leverte statsløyndommar til Moskva i lang tid, men etterretningstenesta overlevde. Le Carre sine romanar var baserte på slike nederlag for etterretninga. Men dei har sine måtar for å kome seg på beina att. Identiteten på toppagentane deira held fram med å vere løynd, og dei er skjulte for fiendens auge.
Men om dei skal fungere ordentleg, lyt russarane rydde i stallane sine, fjerne databasane frå marknadsplassen og halde sine innbyggarar rimeleg trygge. Slakke agentar som ikkje held seg oppdaterte, skjøner kanskje ikkje heilt i kva grad internett blir halde under oppsyn. Med tanke på at det skulle ha vore gjort for tjue år sidan, og at det i mellomtida har vakse opp ein ny generasjon russarar som er klare til å selje kva dei kan for kontantar, så er det ei formidabel oppgåve.

Er diplomatutvisningen et signal om en kommende krig?
Det finst endå ein grunn til å uroe seg. Ein slik massiv operasjon mot russiske agentar og deira kontaktar kan vere eit teikn på ein komande krig. Under normale omstende avslører ikkje statar sin fulle kunnskap om fiendens agentar. Det gjorde president Putin engsteleg; og han sa denne veka: vi vil dra til himmelen som martyrar, angriparane vil døy som syndarar. Stilt opp imot mangfaldige og nylege truslar, er ein slik slutt på verda heilt mogleg.
Omsett av Monica Sortland
http://www.unz.com/ishamir/cloak-and-dagger/
Forsidebilde Rene Magritte
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 117 ganger.
Ingen kommentarer