Slutten på internasjonal rett?
av Thierry Meyssan
Krigen mot Stor-Midtausten burde ende med at US-amerikanske troppar trekk seg tilbake innan dei neste seks månadane. Og enno finst det ingen prov på at freden vil slå seg ned i landa som vart invaderte. I dag er vi vitne til noko som ser ut til å vere eit forsøk på å bli kvitt internasjonal rett. Vil dette konsolidere ei deling av verda i to delar, eller vil det opne for ein storkonflikt?
Håpar vest-maktene å gjere ende på restriksjonane som internasjonal rett legg på dei? Det er spørsmålet til den russiske utanriksministeren, Sergej Lavrov, på Moskva-konferansen om internasjonal tryggleik.
Dei siste åra har Washington fremja konseptet «unilateralisme». Internasjonal rett og SN er forventa å bøye seg for makta til USA.

Skal SN vere ei underavdeling av USA eller organisasjon for alle statar i verda?
Denne førestillinga om det politiske livet er eit barn av USA si historie – kolonistane som kom til Amerika hadde til hensikt å leve slik dei sjølv ville og skape seg ein formue der. Kvart samfunn utvikla sine eigne lover, og nekta å la sentrale styresmakter blande seg inn i lokale affærar. Presidenten og den føderale Kongressen er ansvarlege for Forsvaret og utanrikssakene, men – som innbyggarane sjølve – nektar dei å akseptere ein autoritet over sin eigen.
Bill Clinton angreip Jugoslavia, i eit tankelaust brot på internasjonal rett. George Bush Jr. gjorde det same då han angreip Irak, og Obama då han angrep Libya og Syria. Og når det gjeld Donald Trump, så har han aldri skjult sin mistillit til overnasjonale reglar.
Ved å vise til Cebrowski-Barnett-doktrinen erklærte Sergej Lavrov: «Vi har det klare inntrykket at USA prøver å halde på ein tilstand av kontollert kaos i dette umåteleg geopolitiske området [det nære Austen], medan dei håpar på å bruke dette til å rettferdiggjere USA sitt militære nærvær i regionen, utan tidsavgrensing, for å fremje sin eigen agenda».
Storbritannia verkar også heilt komfortable med å bryte lova. Førre månad anklaga dei Moskva i «Skripal-saka», utan det fjernaste bevis, og prøvde å samle ein majoritet i SNs generalforsamling for å få ekskludert Russland frå Tryggingsrådet. Det hadde sjølvsagt blitt lettare for anglo-saksarane å einsidig omskrive lova om dei slapp å ta omsyn til meiningane til opponentane.
Moskva trur ikkje at London tok dette initiativet. Dei tenker Washington sit i førarsetet.

Tyder globalisering at anglo-saxiske verdiar skal styre verda?
«Globalisering», med andre ord «globaliseringa av anglo-saksiske verdiar», har skapt eit klassesamfunn mellom statar. Men vi bør ikkje blande dette nye problemet saman med vetoretten. Sjølvsagt gjer SN forskjell på stater, samtidig som dei erklærer likskap mellom statar uavhengig av storleik. Fem permanente medlemmar har vetorett i Tryggingsrådet. Dette direktoratet, som består av dei fremste sigerherrane frå andre verdskrig, er nødvendig for at dei skal akseptere prinsippet med overnasjonal rett. Men når dette direktoratet mislykkast i å inkorporere lova kan generalforsamlinga ta over, i det minste i teorien. For dei mindre statane som stemmer imot ein større stat kan rekne med å få lide under hemngjerrige straffetiltak.
«Globaliseringa av anglo-saksiske verdiar» ignorerer ære og set profitt i forgrunnen, slik at vekta til forslaga frå ein stat vil bli målt utelukkande etter landet sitt økonomiske utviklingsnivå. Men i åra som har gått er det tre statar som har klart å vinne støtte for proposisjonane sine, utan omsyn til økonomien deira – dei er Iran under Mahmoud Ahmadinejad ( i dag i husarrest i sitt eige land), Hugo Chavez sitt Venezuela og Vatikanstaten.
Uordenen som anglo-saksiske verdiar har avla, har ført til finansieringa av mellomstatlege organisasjonar med private pengar. Som ein ting fører til ein annan, har t.d. medlemsstatane av International Telecommunication Union (ITU) stadig meir gitt opp si proposisjonsmakt til fordel for profitten til private telekom-operatørar, som er foreinte i ein «rådgivande komite».

Propaganda eller kommunikasjon? Nei, blank løgn!
«Kommunikasjon», eit nytt namn for «propaganda», har blitt påkravd i internasjonale relasjonar. For alle frå USAs utanriksminister, som svingar ei flaske med pseudo-anthrax, til den britiske utanriksministeren, som lyg om opphavet til Novitchok i Salisbury-saka, har løgna blitt ei erstatning for respekt, og det fører til generell mistillit.
Under sine første år prøvde SN å forby «krigspropaganda», men i dag er det dei permanente medlemmane av Tryggingsrådet som driv med det.
Det verste skjedde i 2012, då Washington klarte å få nominert ein av dei verste krigshaukane, Jeffrey Feltman, som nummer 2 i SN-organisasjonen. Frå den dagen og framover har krigar blitt koreograferte i New York av den same organisasjonen som sjølv er meint å hindre dei i å skje.
Russland lurer no på om vestmaktene kan ha eit ønske om å blokkere SN. Om dette stemmer, ville det skape ein alternativ institusjon, men det ville ikkje lenger finnast eit forum der dei to blokkene kunne diskutere saker.
På same måte som eit samfunn som fell inn i kaos, der menn blir som ulvar mot kvarandre når dei er fråtatt lova, slik vil også verda bli ei slagmark om den gir opp internasjonal rett.
Omsett av Monica Sortland
http://www.voltairenet.org/article200609.html
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 381 ganger.
2 Kommentarer
Vi ser et tydelig fra folk som Erna og Sveriges representant i FN. Man tør ikke reagere på bombingen av suverene stater fordi man er redd for reaksjoner og straffetiltak. Hva om Erna hadde «talt Roma midt imot» her. Det ville blitt reist kritikk på stortinget og av Jens Stoltenberg fordi vårt forsvarssamarbeid nå ville være truet. Hvis man tenker seg om er vi egentlig i en historisk tilstand av ryggsleiking der statsministeren kun forsøker å kjøpe tid for om mulig å unngå kritikk og sanksjoner i sak etter sak.
..»der statsministeren kun forsøker å kjøpe tid for om mulig å unngå kritikk og sanksjoner i sak etter sak.»
Kanskje er det verre en det.
Er det frykt for selv å bli angrepet? – Som vi ble angrepet/»hjulpet»/bombet av de allierte under siste verdenskrig.
At Sovjetunionen før 2 verdenskrig ikke var helt gode; med globalistiske » arbeidere i alle land foren eder» ( Altå ikke «arbeidere i egen nasjonen foren eder» ) . Og med massedrap og deportasjon av egne innbyggere, var de fornuftig å frykte. ( Da Jødiske/zionistiske organisasjoner satt med makten i Sovjetunionen, før
de etablerte seg i Israel/USA.)
Etter 1945 prøvde vinnerne å spille sjakk med et Russland som hadde mistet sjakkbrettet. De greide det med en forfyllet Jeltsin, som de greide det med en forfyllet og forgjeldet Churchill tidligere.
Heldigvis har Putin innside-informasjon om disse jukse-spillerene, og er en betydlig ærligere og sindigere sjakkspiller, i samarbeid med Kina.
( Stormakter er stormakter, og makt korrumperer, men vi bør se på handlinger mer enn ord.)
Godt video-foredrag, norsktekstet, om USA /Israel sin imperialisme og krigspolitikk :
https://midtifleisen.wordpress.com/2018/04/13/nytt-foredrag-av-daniele-ganser/