Al-Nusra skal takast av russiske styrkar i 2018
USA-støtte til denne gruppa vil bringe russiske og US-amerikanske styrkar nærare ein potensiell konfrontasjon enn nokon gong før.
av Seraphim Hanisch for the Duran 27. desember, 2017
Det russiske pressebyrået TASS rapporterer om at planen for russiske styrkar i Syria i 2018 er å fjerne dei militante som er med i gruppa Jabhat al-Nusra. Utanriksminister Sergej Lavrov slo fast følgande:
«Eit avgjerande slag har blitt gitt til Den islamske staten (IS, terrorgruppe, forboden i Russland. mrk. TASS). Sjølv om nokre militante som flykta frå kampsona prøver å enten gruppere seg igjen i Syria eller å forlate landet, er det klart at hovudkampen er over. No er naturlegvis hovudsaka for den antiterroristiske kampen å nedkjempe Jabhat al-Nusra.»

Armegeneral Valerij Gerasimov
Det var semje om planen på møtet til den russiske generalstaben, og han vart annonsert av armégeneral Valerij Gerasimov på onsdag.
I eit intervju med Komsomolskaja Pravda slo general Gerasimov fast at måla for det komande året i Syria inkluderer «fullføring av eliminasjonen av militante frå Jabhat al-Nusra og deira filialar.»
«Nokre av medlemmane til denne terroristorganisasjonen opererer i deeskalerte soner… Jabhat al-Nusra opponerer kraftig [mot våpenkvila]. Derfor må dei eliminerast.»
Dette blir inga enkel oppgåve, for faktum er at denne gruppa i årevis har fått støtte frå US-amerikanske styrkar som opererer i området. USA sitt offisielle standpunkt på al-Nusra er at dei er «moderate rebellar», og derfor tener det overordna målet ved å vere i opposisjon til den syriske regjeringa under president Bashar al-Assad.

I Afghanistan var Al-Qaida frihetskjempere. Da Twin Tower ble ødelagt (ifølge USA av Al-Qaida) var de terrorister. I Syria er de nå blitt til moderate opprørere. Nå har de skiftet navn. Media godtar denne svindelen.
USA sin utanriksminister Rex Tiller har hevda at den amerikanske misjonen i Syria er å få bort IS, men som Lavrov seier: «[den amerikanske misjonen] blir vagare og vagare.» Den rådande oppfatninga verkar vere at desse opposisjonsstyrkane skal bli der dei er, til den politiske prosessen startar, eller den prosessen som medfører at president Assad går av.
Eitt av hovudpoenga, som har lege fast gjennom heile den syriske konflikten, er president Assad sjølv. Sett på som eit monster i Vesten, er denne mannen støtta av Den russiske føderasjonen som nasjonens legitime herskar, og Russland har stått ved si erklæring om å forsvare sine allierte.
Under den syriske borgarkrigen hissa dei opprinnelege hendingane dei syriske regjeringsstyrkane opp mot dissidentgruppene sine styrkar. Men med borgarkrigen oppstod to andre krigar samtidig – ein sekterisk krig som hissa alawittar opp mot sunni-muslimar, og ein prokuristkrig som hissa dei russiske interessene opp mot USA og Vesten sine. Fiendar i den eine krigen er nesten-allierte i ein annan, og alle tre har føregått samtidig.
Hovudsaka for Russland var å hjelpe al-Assad til å halde på kontrollen over regjeringa si, og også å nedkjempe IS, som var blitt ein ekstremt farleg maktfaktor i regionen. Her fekk aksjonen hjelp av amerikanske alliansar med «mindre ekstreme» radikale islamistar, slike som al-Nusra, men vi såg forstyrrande sjølvmotseiingar. Under Obama-administrasjonen vart det tydeleg at USA sin politikk i høve til IS hadde blitt å prøve å bruke denne styrken produktivt til å tvinge Assad bort frå makta.
På grunn av ganske smart maskeringsverksemd frå media i USA, vart denne kunnskapen formidla, men på ein slik måte at han aldri kom tydeleg fram i lyset, så til dags dato trur framleis den gjengse amerikanar at det store problemet i Syria er Bashar al-Assad, og at dei amerikanske styrkane er allierte med «moderate» rebellar (noko som skal tydast som «gode rebellar») i regionen.
Det kjem som ei overrasking når dei får vite at al-Nusra Front eigentleg er al-Qaida, ja, dei same som angreip New York og Washington DC tilbake i 2001.
Og no har denne støtten til slike folk støytt på eit nytt problem. Medan IS raskt fell frå kvarandre, viser nye rapportar, inkludert dei vi har dekka her, at tidlegare IS-krigarar no får opptrening av US-amerikanske styrkar i Idlib-provinsen.
Det verkar tydeleg at amerikanarane enno ikkje har skjønt at alle desse krigarane faktisk er radikale islamistar, og at dei kan vere temporært nyttige for oppgåva med å bli kvitt Assad; men åtferda deira tidlegare er berre eit teikn på kva som skal kome.
Desimeringa av kristne folkegrupper, heile landsbyar, truslane mot dei i større byar som Aleppo, og åtferda til IS oppigjennom si korte og valdelege historie, alt dette gir tydelege peikepinnar på at ein som tenker som desse folka ikkje bør få tillit som alliert. Russarane verkar forstå dette, og dei har forplikta seg til å fjerne problemet frå området.
Kathy Gilsinan frå The Atlantic oppsummerer det på denne måten i ein artikkel frå 2015:
«Slik har, grovt sett, Russland intervenert på vegne av lojalistane, og USA har intervenert på vegne av rebellane, sjølv om USA berre har prøvd å hjelpe særskilte rebellar, forsynt våpen og trening til «undersøkte» [«vetted»] grupper. Det er denne motseiinga i dei US-amerikanske måla – Amerika vil ha Assad bort, men kjempar også mot IS, ein av dei sterkaste anti-Assad-kreftene i Syria, i strid med prinsippet «ein fiende av min fiende er min ven» – som hjelper til med å svare på ein annan lesar sitt spørsmål: «Korfor har eg framleis så tungt for å forstå vårt offisielle engasjement i konflikten?»
Russlands tilnærming er mindre sensitiv overfor skilnadane på ulike rebell-grupper: Dei er imot dei alle. Den russiske utanriksministeren, Sergej Lavrov, oppsummerte det framfor FN tidlegare i oktober [2015] slik: «Om det ser ut som ein terrorist, ter seg som ein terrorist og slåst som ein terrorist, så er det ein terrorist. Stemmer ikkje det?»
Dette utgjer eit substansielt problem både for dei amerikanske bakkestyrkane og for amerikansk utanrikspolitikk i det heile. Noko må endre seg, før ting bryt saman. Ein håpar at dei rette avgjerdene blir tatt, men ein kan ikkje kjenne seg for sikker på det no. Dette er verkeleg galne tider.
Omsett av Monica Sortland
Bilder/tekst: Knut Lindtner
http://theduran.com/al-nusra-to-be-taken-out-russian-forces-in-2018/
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 485 ganger.
1 Kommentar
Til Knut og andre som står bak eller hjelper derimot.no:
Dere bør ikke hente noe fra Seraphim Hanisch eller the Duran. Begge er kontrollerte oppiposisjoner, akkurat som Alex Jones osv. Det er noen få punkter som ligner sannhet, mens det meste er propaganda. Seraphim Hanisch (jødisk) og the Duran er så dårlig på propaganda at det tok meg bare noen minutter å finne ut av dem begge. Ta bare denne artikkelen: http://theduran.com/five-days-after-obama-hezbollah-story-released-and-still-no-cnn-report/
«The Duran’s recent release regarding the Politico Magazine’s expose’ alleging that the former U.S. President aided Hezbollah in cocaine-running operations has gained a lot of reaction.»
Hm, kokainsmugling til USA og Hezbollah står bak? Bytt ut Hezbollah med zionister/CIA og at de store kartellene samarbeider med dem. Skulle det vært noe som ligner sannhet så burde dem heller vinklet til smugling av heroin fra Afghanistan, men det oppstår et problem og det er at det er zionistene som styrer opiumhandelen i Afghanistan, så derfor må man ned på listen og neste er Captagon,