Giske-saka – slik eg ser ho
Gunnar Sortland
Etter valet var AP i stor krise. Trond Giske og fleire andre forstod sjølvsagt at høgrepolitikken og dei skitne investeringane til Jonas Gahr Støre var avgjerande for valnederlaget. Dette konkretiserte seg ved at Giske opplagt innad i rekkene hadde styrka sin posisjon ved å forlange å vere talsmann i finanskomiteen. Støre har kjent seg svekka, og på landsstyremøtet i fjor nærmast hulka han fram: «Dere visste at jeg var rik, og at det ville bli et problem, da dere valgte meg.» Men sterke krefter i og utanfor AP var no redde for at Støre sin posisjon skulle bli kraftig svekka.

Jonas Gahr Støre ((NTB Scanpix)
Støre er ein av hovudmennene bak EØS-avtalen. Så lenge han sit ved makta vil AP vere for EØS. Han har og sikra at LO-leiinga er for. EØS-avtalen er krumtappen for norsk og internasjonal storkapital. Avtalen vil føre Noreg inn i EU – eit EU som blir ei overnasjonal statsdanning, der nasjonal økonomisk og politisk makt vil forsvinne.
EU-kommisjonen (styrt av storkapitalen) vil då leggje alle premissane for samfunnsutvikling. Demokratiet som vi enno har noko att av, vil innan 10 år er gått vere ein saga blott.
Støre er garantisten for denne prokapitalistiske utviklinga. Dette forstod sjølvsagt den norske djupstatsregjeringa og den norske skuggestatsregjeringa. Dei trykte på dei rette knappane, og vips så var gribbane på banen. VG, Dagbladet, Aftenposten, TV2 og NRK hosta fram den eine varslarmeldinga etter den andre. Metoden for å avsetje Giske var perfekt tima med #metoo-kampanjen. Opp i mot dette hysteriet hadde ikkje Giske ein nubbesjanse.
Eg ser at enkelte meiner at Hadia Tajik har stått bak svartmålingskampanjen. Nei, ho har berre vore ein nyttig idiot, og er ein lettvektar som aldri vil kome til topps i AP.
Støre har spelt korta sine godt. Han har tatt den lyttande rolla, og vist medkjensle med Giske og ikkje kasta seg over han. Få har våga å stå fram med forsvar av Giske. Kven vil vel risikere karrieren sin? LO-mannen Sande har teke Giske i forsvar, og han blei fort ei skyteskive, hata av særleg kvinneflokken.

Den unisone mediekampanjen forteller om at noen styrer mediene bakfra. Globaliserings- og EU-motstandere må ikke få maktposisjoner.
No når varsla har blitt offentlege, må eg seie eg er noko forundra. Giske har gjort nokre mislukka framstøt andsynes nokre kvinner. Men eg merka meg at Giske gav seg straks han skjøna at han ikkje hadde nokon sjanse. Dette trur eg dei fleste mannfolk og kvinner kjenner seg godt att i.
Og Støre sit trygt heilt til Noreg er ein del av Europas Forente Statar.
Storkapitalen kan telje mykje pengar i framtida. Folk flest vil hamne under fattigdomsgrensa, som i USA.
Bilder/tekst: Knut Lindtner
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 442 ganger.
4 Kommentarer
Det mest graverende her er at man bruker pressen som aktor og dommer.
Dette uten at saken er kjørt gjennom noe som i det hele tatt ligner en rettsinstans.
Rettsstaten Norge får dermed nok et skudd for baugen, denne gang i sladderens navn.
Det hele virker så skakkjørt av det er vanskelig å se at det samme ‘demokratiet’ skal kunne greie å rette opp sin egen misere.
Kan ikke mye om saken men interessent. Å vare politiker må vare et helvete om man blir organisert jaged av media og deler av sitt egne parti. Ressurser kontra/alene politiker..
Media iblant: ‘Lynch to put to death, especially by hanging, by mob action and without legal authority’:)
I Sverige gör SAP en helomvändning på en femöring. Från att Stockholms finansborgarråd borgarråd Karin Wanngård klandrat norsk minister för att bedriva valkampanj i Rinkeby får borgarrådet nu krypa till korset och nu tre månader efteråt låter det helt annorlunda.
http://iotakt.se/totalomsvangningen/
https://www.svd.se/fritzon-nobbar-sin-norska-motsvarighet
Dere må da være enige i at vi ikke kan ha ansvarlige politikere som oppfører seg som Giske har gjort. Har nordpå blir han kalt en «fett-oter» – hva nå som må ligge i det. Han har mistet all min respekt – uansett maktkamp i partiet eller ikke.