Brasils Bolsonaro og den gjenfødde anti-kommunismen i Latin-America.
av Pablo Vivanco

Pablo Vivanco
To tiår etter at ein fallskjermsoldat spådde ‘den rosa bølga’ i Latin- Amerika, kan ein annan kome til å bli katalysatoren for den ‘brune’.
Ridande på ei folkeleg bølge av misnøye mot neoliberal politikk, vart Hugo Chavez vald til president i Venezuela i desember 1998. Chavez sin Bolivariske Revolusjon var den første i ei bølge av ulike venstreorienterte rørsler som vart valde inn i regjeringar rundt om i regionen. Nokre av desse stunda etter å implementere ‘sosialisme av det 21. århundret’.
Driven av høge vareprisar og ein politikk som signifikant auka statsinntektene, var denne ‘rosa bølga’ karakterisert av statlege sosiale program og strategiske investeringar som løfta titals millionar ut av fattigdommen og gav ein tydeleg reduksjon i ulikskapane mellom folk. To tiår seinare har denne bølga til dels snudd.
Etter dei nylege vala av høgrevingskandidatar i Argentina, Chile og Colombia, gav misnøgde brasilianarar Jair Bolsonaro mandatet til å styre det største landet i regionen.

Jair Bolsonaro
Den 63-årige eks-militære har store deler av sin politiske karriere hatt berre marginal oppslutning, men han steig no til makta ved å kanalisere eit rettmessig sinne mot korrupsjonen i landet, eit sinne som mange brasilianarar har kjent på.
Bolsonaro har fyrt opp under denne frustrasjonen og retta han mot venstresida i landet, med løfte om å ‘reinse’ det sør-amerikanske landet for ‘raude fredlause’.
Truslane hans om å fengsle venstreorienterte eller sende dei i eksil vil sannsynlegvis strekke seg til å omfatte medlemmar av Arbeidarane sitt parti [Arbeidarpartiet Partido dos Trabalhadores sit på 70 av nasjonalforsamlinga sine 594 plassar. Hakk i hæl kjem MDB, Movimento Democrático Brasileiro, med 69 sete, oms.], som framleis er det største partiet med lovgivningsmakt i Brasil.
Sjølv om Bolsonaro sine standpunkt er lastverdige og problematiske, så burde ikkje eksistensen til dette politiske «dyret» vere spesielt overraskande.

Brasils første militær diktator, Humberto Castelo Branco, til høyre. 1964-67.
Den nye brasilianske leiaren grev opp att den typen kaustisk antikommunisme som har vore ein sentral – om ikkje dominerande – konservativ politisk tradisjon i Latin-Amerika i meir enn eit hundreår. Denne politiske strøyminga har også ei lang og blodig merittliste på å ty til ytre høgre-vald mot venstrevingsrørsler og -leiarar kvar gong interessene og posisjonane til den rotfesta eliten er trua.
Denne dynamikken gjentek seg ikkje berre i Brasil, men er basis for mykje av den politiske valden som føregår andre stadar i regionen.
Vald og status quo
Etter suksessen til uavhengigheitsrørslene då dei nedkjempa den spanske krona for å skape det første kontinentet med hovudsakleg republikkar, har Latin-Amerika og Karibien utvikla seg langsamt.
Det at jord, produksjon og formue har gått i arv, har gjort regionen til den mest ujamstilte på planeten, medan anemiske (låge) nivå på nasjonale investeringar har oppretthalde avhengigheita av eksport av jordbruksvarer og råvarer.

Hydro har investert tungt i Brasil. FOTO: HYDRO
Men denne situasjonen har ikkje oppstått tilfeldig. Uforsonlegheit har vore varemerket til regionen sin herskande elite, spesielt store landeigarar og eksportørar.
Sjølv før Den kalde krigen førte til ein meir medviten politikk på å halde kontroll med venstrevingsrørsler, responderte eliten – backa opp av sine allierte i USA – med vald når dei folkelege klassane opponerte mot hamstringa av rikdom og monopolet på politisk makt.
Forsøk på å modernisere eller utvikle landa, sjølv innanfor eit kapitalistisk rammeverk, har dei politiske og økonomiske elitane tolka som ein trussel mot deira herredøme. Alle frå Ecuadors Eloy Alfaro til Colombias Jorge Eliecer Gaitan, leiarar som pressa på for investeringar i landet og folket der, vart handsama brutalt.
Statleg undertrykking av streikar og demonstrasjonar, frå Bananmassakren i 1928 i Colombia til massakren ved Santa María-skulen i Chile i 1907, tente til å radikalisere og sameine venstresida. Det førte til danninga av militante fagforeiningar, sosialistiske og kommunistiske parti og til og med geriljarørsler.

Den cubanske revolusjonen i 1959 var ledet av Fidel Castro. Midt på bildet Che Guevara.
Bølger av oppstand vart til vellykka revolusjonar i Mexico (1910), Bolivia (1952), Cuba (1959) og Nicaragua (1979), og venstreorienterte og folkelege regjeringar vann val i nesten samtlege av dei andre landa på halvkula.
Kvar auke i folkeleg revolt mot fattigdom og urett i land rundt om i regionen vart møtt med vald i form av snikmord, massakrar, militærkupp og til og med folkemord.
Som Somoza i Nicaragua og Pinochet i Chile, finst det eit utal andre menneske og grupper som har sett sitt uhyggelege preg på historia og topografien til regionen, kvar og ein av dei med liknande bakgrunn, vener og fiendar – særleg venstreorienterte.
Makta til desse gruppene seiest å ha nådd sine høgder på 1970- og 1980-talet, då brutale USA-støtta regime styrte over store delar av Sentral- og Sør-Amerika.
Trass i at Den kalde krigen tok slutt og ein gjekk attende til eit sivilisert styresett, så har den standhaftige antikommunistiske tradisjonen stadig ein plass på latinamerikansk høgreside, no fornya.

Chiles president Sebastian Pinera
Chile sin noverande president, Sebastian Pinera, representerer ein koalisjon der pro-Pinochet-partiet Uavhengig Demokratisk Union utgjer den største blokka. Vidare fekk ein rival langt ute på høgresida nær 8% av folket sine stemmer i det same valet som førte Pinera attende til La Moneda.
Tidlegare i år vart El Salvador sitt antikommunistiske parti Republikansk Nasjonal Allianse det største partiet i legislaturet. (Den lovgivende forsamlinga).
Og i Colombia er det ikkje berre det elektorale politiske fenomenet Uribisme som gjenvann presidentskapen, men også dei høgreorienterte paramilitære gruppene som aktivt har myrda leiarar for sosiale rørsler sidan ein fredsavtale med FARC vart underteikna i 2016.

Tidligere utenriksminister Hillary Clinton var en av hovedarkitektene bak kuppet mot den folkevalgte presidenten Manuel Zelaya i Honduras.
I Sentral-Amerika er også valden og fattigdommen som mange flyktar frå ein direkte konsekvens av høgreekstrem vald mot venstresida, inkludert kuppet mot Manuel Zelaya i 2009. Zelaya sitt venstreorienterte parti LIBRE vart etter mange si meining hindra i å vinne valet i 2007 ved hjelp av valfusk.
Gjenoppståinga til regionens ytre høgre har blitt hjelpt fram av ei rekke faktorar, inkludert korrupsjonsskandalar og fallande økonomiar med påfølgande krasj i vareprisane. Men ein viktig komponent i høgresida sin innsats har vore gjenreisinga av ‘trusselen’ om ‘gudlaus, baby-etande kommunisme’, denne gongen i form av Venezuela, som ein mekanisme for å fyre opp under frykten, for å svinge røyster eller verre.
Gjenferdet venezuelansk ‘kommunisme’
Dei venstreorienterte regjeringane som vart valde i byrjinga av det 21. hundreåret arva svake statar og avhengige økonomiar, men fekk også i oppgåve å gå laus på ei historisk, sosial gjeld.
Ingen vart valde til å implementere noka form for ‘sosialisme’, men det var brei konsensus i motstand til den neoliberale politikken som herja og skjerpa fattigdommen på 1980- og 1990-talet.

Høge oljeprisen var en fordel for den venezuelanske regjeringa under Hugo Chavez.
Midlane som måtte til for å oppfylle måla om å redusere fattigdommen og ulikskapane, vart skapte ved at statane tok større delar av naturressursane sine og betra skattesystemet. Dei høge prisane på olje og andre varer førte til at offentlege pengeskrin kunne dirigere store summar til offentlege program og infrastruktur.
Med den høge vekstraten og utslaga det fekk for den sosiale utviklinga, heldt populariteten til regjeringane som implementerte desse tiltaka seg høg, og forsøk frå elitane og den private sektoren på å bygge opp motstandsrørsler fekk liten suksess.
Denne modellen for ‘Sosialisme av det 21. hundreåret’, som lot mykje av produksjonsmidla vere att på private hender, fekk problem då prisane på varer, spesielt olje, fall i 2014. Medan nesten alle økonomiane i regionen opplevde nedgang, vart ingen så hardt råka som Venezuela.
Denne oljeavhengige nasjonen si økonomiske krise har etter dette måtta forlike seg med eit stadig meir intensivt sanksjonsregime og indre politisk strid. Det har mellom anna ført til ein signifikant emigrasjon av venezuelanarar til latinamerikanske naboland.
Som ein kunne spådd på førehand, har denne krisa blitt portrettert som eit nederlag for sosialismen, på same måte som korrupsjonssakene i Brasil vart portrettert som ein skandale for venstresida.

Venstresidas presidentkandidat i Colombia, Gustavo Petro.
Nett slik gårsdagens militærregime vart haldne flytande av kommunistgjenferdet, har det ytre høgre i Latin-Amerika pusha ‘venezuelisering’ som ein valstrategi, med ein betydeleg grad av suksess.
Gustavo Petro, som utan å lykkast utfordra Ivan Duque i valet i Colombia, måtte heile tida dukke unna for skuldingar om relasjonane hans til Venezuela. I Chile promoterte høgrevingspolitikarar omgrepet ‘Chilezuela’ mot sentrum-venstre-kandidaten Alejandro Guillier.
Med ein vondsinna form for ironi har høgrevingen i regionen fyrt opp under xenofobien mot venezuelanske innvandrarar – som dei hjelpte til med å skape då dei pressa på for tiltak som har forverra den økonomiske tilstanden i landet – samtidig som dei har brukt innvandrarane som politisk fôr mot Caracas.
Bolsonaro har allereie signalisert eit vesentleg skifte attende til handel og utanrikspolitikk som er pro USA, og har allereie diskutert Venezuela med USAs utanriksminister Mike Pompeo.
Rapportar om ein mogleg invasjon frå Brasil og Colombia er og blir spekulasjonar, sjølv om løftet hans om å bruke militæret mot landets venstreorienterte kan tyde på at væpna aksjonar mot utanlandske kanskje ikkje er heilt på viddene.

Kva gjer Bolsonaro med tilhøvet til Kina?
Bolsonaro har forplikta seg til å trekke seg unna relasjonar som er oppbygde med andre BRICS-nasjonar, inkludert Kina som hadde lova hundretals milliardar til infrastruktur og ressursar i det sør-amerikanske landet.
Sidan å få Kina ut av Latin-Amerika er eit viktig publisert geostrategisk mål for USA, er det ikkje rart at Bolsonaros valsiger vart tiljubla av USAs president Donald Trump, og at den også fekk brasilianske marknadar til å fylke seg.
Ei bølge som vender?
Politiske sirklar og lærde er travelt opptekne med å analysere ikkje berre forsvinninga til ‘den progressive æraen’, men også karakteren til det nye som veks fram, og kva for rolle ulike lag vil spele i denne utviklinga.
Politisk er det liberale sentrum – om det i det heile nokon gong eigentleg eksisterte – i ferd med å forsvinne, og framskundar med det svekkinga av lovlydigheita som gir fullmakt til det ytre høgre. Ingen stadar er dette meir tydeleg enn i Brasil, der folk som ekspresident Henrique Cardoso var villige til å stillteiande støtte Bolsonaro, sjølv om sistnemnde har sagt at Cardoso burde ha vore skoten av militæret.

Dommar Sergio Moro
Dei sentristiske politikarane, som samla seg bak heksejakta på Dilma Rousseff og Lula da Silva, har også vore iaugefallande tagale etter utnemninga av dommar Sergio Moro – som bar ansvaret for fengslinga av Lula – til justisminister under Bolsonaro.
Liknande kampanjar som involverer tvilsame korrupsjonsskuldingar mot venstreorienterte politikarar, leiarar eller sjølv journalistar finn stad i ulike land rundt om i Latin-Amerika.
‘Middelklassen’ som sprang ut av ‘Sosialisme av det 21. hundreåret’ har for sin del spelt rolla som kyrkjegardsgravaren til konseptet, elektoralt sett. Men det er eit spørsmål om kva for stilling denne delen av arbeidarklassen vil ta dersom det ytre høgre tyr til vald.
Så langt har responsen deira til den noverande forfølgingsatmosfæren vore ambivalent, kanskje på grunn av mangelen på politisk utdanning dei fekk med venstresida ved makta.
Ikkje desto mindre har Bolsonaros gjenfødde evangeliske neo-fascisme også trua kultur og vitskap, som peikar mot ruvande konfrontasjonar med intelligensiaen, slik ytre høgre ofte har drive fram i Latin-Amerika.

MST demonstrerar i Brasil
Kanskje eit plaster på såret er at den latinamerikanske venstresida aldri har hatt fordelen av å gå for lenge utan å tenke på sin erke-nemesis. I Brasil har Rørsla for landlause arbeidarar (MST) og andre veteranar f kampen mot diktaturet sverga å stå imot og nedkjempe Bolso, på same måten som juntaen vert slått.
Men ulikt mange tidlegare ytre-høgre-regime i regionen, vart ikkje Bolsonaro sett inn ved militær makt mot folket sin vilje, men i staden ved borgarleg val.
Utfordringa til venstresida vil bli å vinne attende sin base av tilhengarar, med mindre Bolsonaro og andre av same ulla først konsoliderer dei under sine venger. Det er dette som vil bestemme korleis denne æraen skal ende, og om Latin-Amerika vil unngå å falle ned i ein avgrunn av vald.
Pablo Vivanco har tidlegare arbeidd i teleSUR English og spesialiserer seg på geopolitikk, økonomi og Latin-Amerika.
Omsett av Monica Sortland
Kjelde: https://www.telesurenglish.net/opinion/Brazils-Bolsonaro-and-Born-Again-Anti-Communism-in-Latin-America-20181108-0016.html
Forsidebilde: Fernando Botero
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 156 ganger.
Ingen kommentarer